Då vart det givande å dra til Suldal. 

Turen starta på Jelsa Jordbær, der me vart mottekne av Helge Gjerde. Han har bygd opp ein god og moderne produksjon med jordbær som han sel på Haugalandet.

Gunleif Haukalid og May Brit Lode satte pris på at det framleis var bær på plantane.

I natur og utmarkskommunen Suldal er det naturleg å besøke nokon som har satsa på å utnytte dei ressursane som finns på garden. Elv, vassdrag og fossefall er gode ressursar med ein lang brukshistorie i Suldal, og Lars Vasshus har bygd eit småkraftverk på Tveitåno.

500 liter vatn i sekundet passerar bak Lars Vasshus, som fortel om anlegget til fylkesstyret.

Me besøkte geitebonden Lars Øystein Bakka inne på Nesflaten, og høyrde om geitehald og fekk besøkt geithuset, og fekk vete at det lokale hotellet ikkje kan få nokk kjekjøt frå ham, noko som dessverre betydde at me ikkje fekk smaka på det, men me fekk smaka heimelaga geitost som plaster på såret.

Far og son fortel om mjølking av geit

Me avslutta turen med eit besøk på klekkjeriet til elveeigarlaget, der dei produserer lakse- og aureyngel og smolt.

May Britt Lode lærer at dette ikkje er smolt, men parr.

Det vart og tid til styremøte og møte med det lokale bondelaget i Suldal, der me fekk høyre meir om dei lokale forholda og problemstillingane.

Takk til alle som tok oss vel i mot!