Store omleggingar i mjølkeproduksjonen framover.

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

I 2024 vert det forbode med båsfjøs til storfe. Det vert eit stort kapitalbehov innan mjølkeproduksjon for å tilfredstilla dette lovverket.

Rogaland hadde i 2014 heile 995 båsfjøs (73%) og 377 lausdriftsfjøs (27%). Gjennomsnitt kvote per bruk var 147 tusen liter i båsfjøs (51% av produksjonen) og 368 tusen liter i lausdriftsfjøs. (49% av produksjonen). Fleire av båsfjøsa i fylket er i svært god stand og kan tene formålet godt utover 2024.  Vert kravet om lausdrift innan 2024 oppretthalde vil det føre til ei stor strukturrasjonalisering innan mjølkeproduksjonen i fylket. Rogaland Bondelag ønskjer mjølkeproduksjon i heile fylket, og har spelt inn følgjande til Norges Bondelag:

Kravet om lausdrift 2024 må opphevast, med følgjande:

  • Alle nybygg må få krav om lausdrift.
  • Eksisterande båsfjøs får fortsette som godkjent driftsbygning for storfe.
  • Det vert krav om lausdrift ved ombygging/utviding av drifta. Båsfjøs vil med dette få ein naturleg utfasing.
  • Krav om lausdrift vil få store konsekvensar for mindre bruk med kombinert produksjon.
  • Dette vil i all hovudsak gå ut over distriktslandbruket i fylket, der arealressursane er avgrensa og avstandane store.
  • Krav om lausdrift i 2024 vil gje store strukturelle endringar i norsk mjølkeproduksjon. 
  • Dyrevelferd i fjøs ombygde til lausdrift er i fleire høve klart dårligare enn i båsfjøs.

 

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere