Nærare 120 bønder og bondevenner fann plass i kinosalen på Tysværtunet. Sveinung Svebestad, leiar i Norsk Landbrukssamvirke, hadde klare utfordringar til politikarane om føresetnadane for norsk landbruk; vidareføring av jordbruksavtalen, marknadsregulatorrollen og importvernet.  I panelet sat Gjertrud Kjellesvik (SV), Hege Liadal (AP), Geir Pollestad (SP), Iselin Nybø (V), Olaug Bollestad (KrF), Siri Meling (H), og Bente Thorsen (FrP).

 

Avslørande debatt

Debatten avslørte klare skilnadar blant dei politiske partia. Geir Pollestad var klar på at dei i SP meiner at tollvernet må styrkast, og at det er sjølve fundamentet for norsk landbruk. Bente Thorsen og FrP er den rake motsetnaden. Dei vil ikkje at importvernet skal kuttast tvert, men dei vil redusera det over tid. Siri Meling og Høyre held seg på same side som FrP. Høyre-politikaren meinte Norge bør visa solidaritet til EU, sidan dei er i økonomisk krise, og at EU truer med sanksjonar mot Norge på fisk, men anerkjende samstundes at importvernet er viktig for å oppretthalde eit levedyktig landbruk. Både AP, SV og KrF var tydelege på at dei stod på SP si side i saka, og Iselin Nybø (V) fortelde dei ikkje var motstandarar av importvernet og at dei arbeider målretta mot å få på plass ein ny WTO-avtale.

 

Marknadsreguleringa

Igjen blei Siri Meling og Høyre utfordra synspunkta. Meling var klar på at dagens organisering av marknadsreguleringa ikkje var hensiktsmessig, og at den må endrast. Olaug Bollestad (KrF) meiner marknadsreguleringa er viktig for å få balanse mellom etterspørsel og produksjon, og at det er sentralt for eit landbruk over heile landet. Pollestad (SP) frykta overproduksjon, og meiner det er det verste som kan skje i landbrukssektoren. Ringvirkningane er så enorme i landbruket, og derfor er det viktig med eit sterkt samvirke, meinte han. Pollestad hadde AP og SV i ryggen. Venstre vil skilje mellom produsent og marknadsregulator. FrP meiner marknadsregulatorrollen er ein uting, og vil ikkje oppretthalde den vidare. Dei vil ikkje at dei store organisasjonane (Tine, Nortura og Felleskjøpet) skal selje eigne produkt.

 

Jordbruksforhandlingane

Pollestad (SP) viste til at Landbruket er ei regulert næring, og at det derfor er viktig med forhandlingsrett. Siri Meling (H) ynskjer å oppretthalde forhandlingane, noko Pollestad stilte seg undrande til, for han meiner Høyre gjorde kutt i støtta til framforhandla avtaler. Bente Thorsen (FrP) meinte forhandlingane er oppsnakka, og viste til at FrP vil fjerna avgrensingane for produksjon.

 

Engasjert publikum

Den påfølgande debatten med spørsmål og kommentarar viste eit engasjert publikum der fleire tok til ordet. Politikarane fekk med seg klare oppfordringar frå dei frammøtte.

Frå venstre:
Gjertrud Kjellesvik (SV), Hege Liadal (AP), Geir Pollestad (SP), Iselin Nybø (V), Olaug Bollestad (KrF), Siri Meling (H), Bente Thorsen (FrP)

 

 

Skrevet av: Jane Brit Sande, Bondevennen