Det har vore ein annaleis vår for oss på kontoret. Koronaen har gjort at me ikkje har fått truffes på same måte som tidlegare. Det har difor vore ekstra kjekt å ha fått reist rundt og truffe lokallaga under #komhit kampanjen! Nytt ferien til å stikke innom der det er sett opp rammer, oversikten over plasseringar finn du her. På biletet er alle på kontoret, utanom leiar Irene, på plass i Bjerkreim. Me har fått sett nokre fantastiske gardar og masse kjekke folk. Me har mykje å vere stolte av som bondelag for Rogaland!

Kontoret har frå og med i dag stengt for sommaren. Me er tilbake på jobb den 3.August. Telefonar og meldingar på Facebook vert besvart, men ikkje med like rask responstid som vanleg.

Er det noko som hastar veldig, ring hovedkontoret på 22054500 eller send ein epost til bondelaget@bondelaget.no.

God sommar!