Både landbruksmeldinga og partia sin landbrukspolitikk var populære tema for både politikarane og salen.

Geir Pollestad (Sp)

- Fyrst tenkte eg at dette var slappe greier, men så har eg lest landbruksmeldinga nøye og det blir bare skumlare og skumlare. Nå vil eg eigentleg anbefala 18-årsgrense, seier Pollestad til humring frå salen.

Han skildrar meldinga som gamaldags og umoderne.

- Og så vil eg bare seie at eg trur at de kan ta det med ro med det avløysartilskotet. Me skal ordna det der. Eg håpar at når me legg fram næringskomiteen sitt forslag 23. mars, vil de klappa. Det vil ikkje bli ein god dag for landbruksministeren, seier Pollestad.

Terje Halleland (frp)

- Ein kan meina kva ein vil om meldinga, men me har lukkast med å setja jordbruket på agendaen, seier Terje Halleland (Frp), som ei oppsummering på tida etter at landbruksministeren la fram forslaget til ny jordbruksmelding.

Halleland er også opptatt av at inntektsauka hjå bøndene ligg langt over andre grupper og at det vart nedlagt fleire bruk dei åtte åra Sp sat i posisjon, enn i desse dagar.

Iselin Nybø (v)

- Me er opptatt av at me skal ha jordbruk i heile landet. Det skal gå an å leva av å vera bonde. At unge og nye generasjonar ønskjer å bli bønder. Heile tida opptatt av jordvern. Me er opptatt av dyrevelferd på alle nivå. Eg har aldri møtt ein bonde som ikkje er opptatt av korleis dyra har det.

Torstein Tvedt Solberg (ap)

- Vår jobb på stortinget nå er å redda den landbruksmeldinga som ligg føre nå, og gi Høgre frp nokre solide nederlag, seier Tvedt Solberg og legg til at meldinga har fleire provoserande forslag.

- Meldinga går til angrep på samvirkeorganisasjonane og vil føra til meir sentralisering, seier han.

Olav Røysland (H)

- Nå seier Høgre ja til pelsdyr og Rogaland høgre har med eit forslag om å oppretthalda avløysartilskotet, seier Røysland og legg til at det vil koma ein diskusjon rundt marknadsregulering.

- Me ser at me har lite verktøy igjen i forhold til det me har hatt, seier han.

Per Kåre Foss (Krf)

- Me har to viktige hovudmål. Me må ha meir matvareproduksjon og ein aktiv jordbruksproduksjon i heile landet. Landbruket er ei hjørnesteinsbedrift i mange bygder i Norge, men det er alt for få bønder under 40 år. Me må gjera det slik at det går an å ha eit fornuftig familieliv samtidig som ein er bonde, seier Foss og legg til at jordvernet står sterkt.

- Me har eit stort press på jorda i Rogaland. Me vil ha vern av matjord.