Både ordførarane i Dalane og sjefen for Berentsen Brygghus skreiv under på Regionalt matmanifest for Rogaland og fekk med seg kvar sin innramma versjon som bevis. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal stod for utdelinga.

Areal ved togstasjonar kan spara jord

Ei anna viktig sak for landbruket som var oppe på konferansen var utnytting av areala Bane Nor eigedom eig i nærleiken av dagens togstasjonar.

Bane Nor er opptekne av å utvikla areala i næringssamanheng og til bustadføremål. Dette vil skje ved fortetting. Dette er ein måte å tenkja på som kan flytta press på dyrka areal på Nord-Jæren og utnytta knutepunkta til jernbanen på ein god måte.

- Kva kan ein oppnå ved å spela på lag?

Korleis distriktet kan koma på offensiven var eit overordna tema på årets Egersundkonferanse.

Fleire både nye og gamle bedrifter visa seg fram og fortelja om sine vyar for framtida.

Dei store spørsmåla som vart stilde var:

  • Kva har Eigersund og Dalane av forutsetnader og fordelar?
  • Korleis kan me få meir ut av desse i nye kombinasjonar?
  • Kva kan industri, servicenæringar, fiske, jordbruk og reiseliv oppnå ved å spela på lag?

Av Kjell Andreas Heskestad og Jorunn Erga Steinsland