Men ja, det er og mykje meir. Alt etter kva dag det er og korleis livssituasjon vi har rundt oss, vil kvardagen for ein bonde opplevast ulikt. Sjur Håland har rett i at bondeyrket kan være både arbeidskrevjande, einsamt og økonomisk usikkert. Men det er også fylt med stolthet, mestringsfølelse og glede. I dag er heller ikkje gode råd langt unna. Eit tastetrykk og vi har naboen på tråden eller ein kan gå til Facebook med div. landbruksgrupper. Mellom anna er det eit kvinneleg nettverk for bønder der ingen spørsmål er for dumme. Fleire og fleire bønder tek del i sosiale nettverk som Facebook, Instagram og Snapchat. Det er bra. Sosiale medier kan vere ei kjelde til inspirasjon og formidlingsverdien det har ut til vener og kjente, forbrukar og media må ikkje undervurderast. 

Sjur Håland skriv i sist utgåve av Bondevennen at Facebook-sida til Rogaland Bondelag har vore vel mykje gøy på landet i det siste. 

Me i styret i Rogaland Bondelag har ynskja meir aktivitet på Facebook. Når ein skal i sosiale medier og i andre medier, må ein ha i tankane kven ein vil nå. Med temadagar som slåttetv, inn i grishus ol. har målet vore å syne forbrukaren kvardagen til bonden og dei ulike produksjonane. Dette har bidratt til ein sterk auke i talet på menneske som dagleg følger sidene våre. Dette legg eit godt grunnlag for å komme ut med meir alvorlege saker når det trengs. Så ja takk begge deler. Utfordringa frå Sjur Håland med å synliggjera endå meir av dei politiske sakene vi arbeider med er ikkje vanskeleg å ta. Det er eit ynskje som me deler med han.

I år har vi hatt eit annleis år når det gjeld alt av organisasjonsarbeid. Tidsplanar og arrangement har ikkje blitt som vi hadde planlagt og ønska. Likevel har det vore nok av spennande saker å ta tak i og som vi har fått jobba aktivt med. Å halda ei Facebook-side levande og spennande krev sitt. Men det er ein viktig kanal ut mot medlemmer og forbruker. Me har absolutt eit ynskje om å fortsette å ha ei side der folk drar på smilebandet, lærer noko og blir kjent med oss som lagar maten i Rogaland. Vi trur det vil styrkje bonden og Bondelaget. Og ja, me har plass til fleire.