Avtroppande bondelagsleiar Ola Andreas Byrkjedal ser tilbake på fem innhaldsrike år.

- Kontakten med lokallaga har betydd veldig mykje. Det har blitt mange gilde besøk, seier han etter eit godt siste møte.

Det er ikkje få timar Ola Andreas har brukt på både møter og samtalar i bondelagssamanheng, noko som har gitt mykje inspirasjon til å stå på for rogalandsbonden, anten det har vore vidare i organisasjonen eller mot politikarar.  

- Heldigvis har eg hatt mykje god hjelp. Nå ser eg fram til å få betre tid, seier den avtroppande leiaren, som ikkje kjem til å slutta å framsnakka bonden og landbruket.

- Eg trur ikkje folk er klare over kor mykje verdiskaping og sysselsetting landbruket står for, legg han til.

Ola Andreas Byrkjedal kjem ikkje til å ha problem med å fylla tida framover, sjølv utan leiarvervet i Rogaland bondelag.

- Det er mykje som heng og blør heime, og så kan eg gjerne bli meir delaktig i landbruksmiljøet heime, seier han på veg ut kontordøra i Hillevåg.

Årsmøtet i Rogaland bondelag er fyrstkomande helg, 10. og 11. mars.