Konferansen har tittelen «Landbruket skal ikkje inn i det grøne skiftet – me er der allereie», og blir arrangert på Scandic Forus 18.-19. januar. Konferansen er open for alle.

 

Ein del av løysinga

- Me er godt i gang med omlegginga som det grøne skiftet er. Det er det me prøver å belysa med foredragshaldarane på Samvirkekonferansen 2018, seier leiar i Samarbeidsrådet i Rogaland, Askild Eggebø.

Han meiner landbruksnæringa er bevisst på at næringa ikkje bare er ein del av miljøproblemet, men også ein stor del av løysinga.

- Eit samla landbruk kan ha gevinst av «det grøne skiftet», meiner Eggebø.

 

Trendar

Konferansen har også fokus på mattrendar og korleis landbruksnæringa kan tilpassa seg utviklinga i samfunnet.

- Me må vera litt i forkant og læra oss å forstå. Me lever trass alt av å selja varer som folk vil kjøpa, held Eggebø fram.

 

Samlingsplass

Samvirkekonferansen blir arrangert annakvart år og er ein samlingsplass for alle som på ein eller annan måte er involvert i landbruket, i organisasjonar og bedrifter som er avhengige av landbruket eller bare er interesserte i det som rører seg i og rundt landbruket.

- Eg tykkjer me har fått til eit bra program. Eg liker særleg godt at me set fokus på det me sjølv held på med i utlandet. Tine har meieriindustri i USA og Geno er store på avl, for å nemna noko. Og for høns er det litt motsett veg, at andre land ser til Noreg, seier Eggebø.

Konferansen er open for alle. Vil du melda deg på?

Send ein e-post til jorunn.erga.steinsland@bondelaget.no for påmelding eller meir info.

Søk også opp "Samvirkekonferansen 2018" på Facebook.

Prisane er:

Heile konferansen: 2400,-                                                                                                             

Inkluderer dagpakkar, middag om kvelden, overnatting og frokost.

Heile konferansen utan overnatting: 2000,-

Inkluderer dagpakkar og middag om kvelden.                                     

Bare dagtid torsdag og fredag: 1500,-

Inkluderer dagpakkar begge dagane.

 

PROGRAMMET:

Dag 1 - Me er langt inne i det grøne skiftet

11.00               Lunsj

12.00:              Opning og innleiing

                       Askild Eggebø, leiar Samarbeidsrådet i Rogaland

                       Trond Reierstad, leiar i norsk landbrukssamvirke,

12.30:              Kva er gjort, kor er me, kor skal me?              

                       Harald Volden, Tine.

13.00:            Norsk landbruk i møte med klimaendringane                 

                      Nils Vagstad, dagleg leiar NIBIO

13.30:            Pause

14.00:              Ei smart verd treng eit smart landbruk!

                       Ivar Rusdal, styreleiar i Nordic Edge AS.

14:30:             Den neste revolusjonen er grøn!               

                       Anders Waage Nilsen, kreativ leiar i Netlife design, digitalt designbyrå.

15.00:              Framtidige klimaendringar: Kva veit vi eigentleg.

                        Martin Hovland, meteorolog/klimaforskar

15.30:              Pause

16.00:              Norsk landbruk internasjonalt:

  • Olav Eik Nes, adm.dir Norsvin

  • Roar Feedt, direktør forretningsutvikling FKRA

  • Sverre Bjørnstad, adm.dir Geno

  • Tone Steinsland, eigar og eggentusiast i Steinsland og co

17.30:              Rogalandsgarden - Vårt internasjonale ansvar

                        Ole Eriksen, U-landsutvalet.

19.00:              Middag med underhaldning

 

Dag 2:        Ernæring, trendar og dyrkingsmåtar

08.30:              Ernæring og trendar                      

                        Birger Svihus, professor ved NMBU

09.15:              Kaffepause

09.30:              Forbrukartrendar og utfordringar

                        Mats Bendiksby, konserndirektør utvikling og marked, Nortura

10.15:              Tar landbruket omsyn til trendar? Kan norske dyr eta heilnorsk fôr?

                         Per Harald Vabø, ny adm.dir i FKRA

11.00:              Kan landbruket brødfø verda?

                       Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar AgriAnalyse

12.00:              Avslutningslunsj