- Rydd opp plastsøppelet
Torsdag skal Rogaland ryddast. Marit Epletveit oppfordrar alle bønder til å hiva seg på og få vekk landbruksplasten.
Sjølv har bondelagsleiaren i Rogaland allereie vore ein runde på søppeljakt med ungane, men lovar at det blir fleire.
- Rundballeplasten festar seg fort i tre og gjerder og det ser skikkeleg fælt ut. Eg oppfordrar alle til å ta ein runde å plukka plast, seier Epletveit, som sjølv tok med barna og lot dei klatra opp i trea for å få vekk søppelet.
- Alt hjelper og det er viktig at me som bønder tek vår del av ansvaret, meiner ho.
Oppfordringa kjem i samband med NRK Rogaland sin ryddedugnad «Hele Rogaland rydder» torsdag 27. april.
Les meir: Bli med på vårrengjøring av Rogaland
NRK Rogaland utfordrar enkeltpersonar, skular, barnehagar, frivillige lag, politiske parti, burettslag og kommunar å hiva seg på dugnaden og få Rogaland reint og ryddig. Mange av dei andre mediehusa i Rogaland er også med på aksjonen.
Meld deg på ryddedugnaden her.