Rovviltforvaltning i Rogaland

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Kva aktørar er det i rovviltforvaltninga i Rogaland? Kan man søke om midler til forebyggende tiltak mot rovviltskadar? Les om det her.

Fylkesmannen i Rogaland
Miljøvernavdelinga har ansvar for bestandsforvaltning, irekna kunnskap om førekomstar og mengde per areal av freda rovvilt i fylket. Dessutan kan avdelinga gi løyve til felling av skadegjerande individ av freda rovvilt, og har ansvar for å handsame søknadar om erstatning for husdyr tatt av freda rovvilt. Søknadar om førebyggande og konfliktdempande tiltak vert og handsama av Fylkesmannen.

Rovviltnemnda for Region 1
Rovviltnemnda tiltredde i funksjon 1. april 2005 og dekker Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Vest-Agder. Den har ansvar for mellom anna fordeling av fylkesvise rammer til tilskot til skadeførebyggande tiltak og fastsetting av fellingskvotar og skadefellingskvotar på dei store rovpattedyra. Ein forvaltningsplan for regionen er utarbeida.

Statens naturoppsyn (SNO)
SNO har ansvar for dokumentasjon av moglege rovviltskadar på husdyr og undersøking av observasjonar, spor og sportegn. Til å hjelpa seg i dette arbeidet er lokale rovviltkontaktar engasjert. I Rogaland er det fire slike rovviltkontaktar.

 

Tilskot om førebyggande og konfliktdempande tiltak
Førebygging av rovviltskadar på husdyr er ein prioritert oppgåve i fylkets rovviltforvaltning. Tilskot kan gis til private tiltak for å hindre eller avgrense slike skader. Søknaden skal sendast elektronisk gjennom elektronisk søknadssenter innan fristen 15. februar.  https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/Default.aspx

I beitesesongen er det mogleg å søke om tilskot til skadeførebyggande, akutte tiltak. Dersom dette er aktuelt, ta straks kontakt med Fylkesmannen i Rogaland, Miljøvernavdelinga.

 

Slik går ein frem ved funn av husdyrkadaver
Finn du eit kadaver og mistenker at rovdyr har vært på ferde, bør du gjere fylgjande:

  • La kadaver ligge mest mogleg urørt, men dekk det til slik at åtseletarar ikkje kjem til.
  • Merk funnstad, gjerne med plastpose i eit tre e.l. slik at det er lett å finne.
  • Beskriv funnstad og kryss av på kart om mogleg, aller best er GPS-posisjon.
  • Fotografer kadaver om mogleg frå ulike vinklar, gjerne med ein gjenstand av kjent størrelse ved sidan av kadaver (særleg bra for å anslå f.eks. størrelse på bitt og avstand mellom tenner).
  • Meld frå til næraste rovviltkontakt så snart som råd – bevis forsvinn raskt!

Det er eit krav for seinare å ha rett til å søka om erstatning at alle funn av kadaver eller skadar på husdyr som kan skyldast rovdyr straks vert meldt til naturoppsynet. Her er ein oversikt over rovviltkontaktar i Rogaland:

 

Namn og adresse

Kontaktdetaljar

Ansvarsområde / Kommunar

Dunkley, Andreas 

Mobil: 480 25 444

Nord i Rogaland og Sør i Hordaland.

Jonas Liesgt. 11, 5529 Haugesund

Helland, Berit 

Mobil: 977 03 275

Bjerkreim, Egersund, Lund, Sokndal, Hå, Gjesdal, Time, Klepp, Sandnes, Forsand, Sola, Stavanger, Randaberg.

Eikeland 54, 4389 Vikeså

Netland, Sven 

Tlf.: 51 47 91 62

Søraustre Rogaland: Lund, Sokndal, Eigersund, Bjerkreim, Gjesdal, Flekkefjord og Sirdal 

Netland, 4380 Hauge i Dalane

Mobil: 991 04 189

Seljeset, Krister 

Mobil: 915 40 836

Suldal og Hjelmeland.

Randøy Ring 2014, 4130 Hjelmeland

 

Rovviltansvarleg for SNO i Rogaland er Jon-Erling Skåtan. Mobil: 482 54 803, e-post: jon.erling.skatan@miljodir.no

 

Søke erstatning for skader på husdyr
Fristen for å søke om erstatning for skader på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skader frå freda rovvilt på husdyr. Alle søknader skal leverast elektronisk gjennom Miljødirektoratets database elektronisk søknadssenter: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/

Dersom ein opplever problem med å levere elektronisk kan ein ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen og be om hjelp. Nye søkarar må først registrere seg som søker.

Alle relevante opplysningar må fylgje søknaden. Dette er viktig for at vi skal kunne vurdere søknaden etter Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt: http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-05-30-677

Søknaden må innehalde eit kart der beiteområdet er teikna på. Det er også eit krav om å legge ved ei liste med besetningsdata. Denne skal som minimum innehalde alle individnummer i besetningen, kopling mellom mor og lam, dødsårsaker og helse/sjukdomsinformasjon.

Les meir her! https://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Arter-og-naturtyper/Rovvilt/Statens-samlede-beredskap-i-rovviltsaker/

 

Rovviltkontaktar hos Fylkesmannen i Rogaland:

Cathrine Stabel Eltervåg: tlf.: 51 56 89 15, mobil: 986 76 987, e-post: fmrocsh@fylkesmannen.no

Per Kristian Austbø: tlf.: 51 56 89 10, mobil: 469 33 844, e-post: fmropka@fylkesmannen.no

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere