Denne hausten skal Stortinget vedta ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi. Noregs Bondelag, Småbrukarlaget, Natur og Ungdom og fleire jordvernforeiningar nytta dagen til å markere matjordas verdi for ein samla næringskomité.

Sven Martin Håland frå Figgjo i Sandnes fekk anledning til å fortelje om planane for E39 som vil splitte fleire landbrukseigedommar i kommunen, og overrakk ein krukke med trua matjord til Terje Aasland (Ap). Rogaland står overfor fleire store prosjekt som set betydelege areal med jordbruksjord i fare, som me må jobbe med å ta vare på for framtida. Me vil ha eit sterkare vern av matjorda!

Takk til alle som møtte opp for matjorda!

Les meir om markeringa her