I 2019 forhandla fram landbrukets organisasjonar ein klimaavtale med regjeringa. Denne avtala skulle danne ramma for klimaarbeidet i jordbruket. Utifrå avtala har landbruket utarbeida ein eigen klimaplan, der me legg fram korleis me skal nå klimamåla me har forplikta oss til med regjeringa. Me skal ta vår del av klimakutta, men me skal gjere det utan å redusere matproduksjonen i Noreg. Men når Klimakur 2030 vart sendt ut på høyring, tok den ikkje omsyn til den same regjeringas avtale med jordbruket, og la opp til kutt i norsk matproduksjon for å redusere dei nasjonale utsleppa. Med Klimakur 2030 vil tusenvis av fjøs stengast i Noreg, blant anna 1400 i Rogaland. Med dette kjem det store ringverknadar. Ikkje berre reduserast matproduksjonen, men for kvar bonde som sluttar vil mellom ein og to tenesteleverandørar og foredlarar bli arbeidsledige som følgje av ringverknadane. Kvar gard etterspør fleire tenester, som handtverkarar, sjåførar, veterinær også vidare. Når matproduksjonen går ned, forsvinn og oppdrag i disse sektorane, og til saman utgjer jordbruk og næringsmiddelindustri ein av landets desidert største fastlandsindustriar.

Heldigvis er det mange politikarar som ser konsekvensane av dette, og tek til motsvar. Me har merka oss at politikarane i Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune har tatt tak i dette, og vil takka dei for støtta. Er det fleire kommunar i Rogaland som bør nemnast? Send oss gjerne ein melding viss din kommune har fatta eitt liknande vedtak som Rogaland og Stavanger.

Her er politikaranes vedtak:

Rogaland fylkeskommune:

Solveig Ege Tengesdal, Krf fremmet følgende tilleggsforslag på vegne av AP, SP, Krf, SV, H, MDG og V:

Rogaland fylkeskommune ber om at tiltak innan landbrukssektoren vert basert på den inngåtte klimaavtalen med regjeringa i 2019. For landbruket fokuserar Klimakur 2030 på nokre få tiltak. Landbruket inngjekk i 2019 ein klimaavtale med regjeringa med eit mål om reduksjon i klimagassutslipp. Det er viktig at alle tiltak som vert konkretisert ut frå ein slik avtale blir tatt med i det vidare arbeidet og klimaregnskap. Det er til dømes viktig at omsyn til klimaendringar og sjølvforsyningsgrad inkluderast ved vurdering av tiltak i landbruket.

Vedteken mot 3 stemmer frå Frp og FNB.

Hanne Marte Vatnaland, SP fremmet følgende tilleggsforslag på vegne av AP, SP, Krf, MDG, V og SV:

Rogaland fylkeskommune mener at kampen for å stoppe klimaendringene er vår tids viktigste oppgave. Alle sektorer har et stort ansvar for å løse denne oppgaven, både gjennom å redusere våre utslipp, men også gjennom fangst og lagring. Naturen og landbruket driver karbonfangst og -lagring i stor skala. Landbruk, skogbruk og vern av naturen gjennom bruk, har dermed en spesiell rolle og må være en del av løsningen.

 Vedteken mot 3 stemmer frå Frp og FNB.

 

Stavanger kommune:

Elin Schanche (H) fremmet følgende tilleggsforslag på vegne av H, MDG, V og Sp: Tiltak innen landbrukssektoren må baseres på den inngåtte klimaavtalen mellom landbruket og Staten som ble inngått i 2019. Tiltak knyttet til klimagassutslipp innen landbruket må baseres på en bærekraftig bruk av naturressurser og at selvforsyningsgraden opprettholdes.

Vurdere ordninger som stimulerer til økt produksjon av grønnsaker, frukt og bær der hvor forholdene ligger til rette for det.

Tilleggsforslag på vegne av H, MDG, V, Sp og KrF ble vedtatt med 15 stemmer (Ap, H, MDG, Rødt, Sp, SV, V, KrF)

Dagny Sunnanå Hausken (Sp) fremmet følgende tilleggsforslag «Kapittel 7 kulepunkt 2 i forslag til tiltak: Lage klare formuleringer i Nydyrkingsforskriften med tanke på bevaring av myr der det er hensiktsmessig.»

Sp’s tilleggsforslag ble vedtatt med 14 stemmer (Ap, H, MDG, SV, Rødt, Sp, KrF)