Marit Epletveit, fylkesleder i Rogaland Bondelag sitt innlegg:

Årsmøte ordstyrer

I dag vil eg begynne med å dele eit barndomsminne: på veg heim frå skolen, den første snøen kom  litt overraskende den dagen, alt var kvitt men ute på jordet er det brunt. pappa kjører møkk, mens mamma pløyer. Så kan dere jo sjølv tenke hvilke dato det var! Siden den gang er det bygd mange gjødsel lager og dei fleste velger løysingar som er gode både for miljøet, og for lommeboka. Eg heier på dei løysingane. 

Gjødselforskrifta har rykka eit hakk nærmare «mål».

Enkelte av elementa i forslaget er mildt sagt krevende. Det vil være ein stor fordel om vi klarer å være i forkant  med tiltak. Supert at gjødsellager kom inn som ei slik løysing i årets forhandling.  Fortsatt målretta bruk av RMP midlene og fokus på forsking og utvikling er gode løysninger.

Fytase i for til einmaga dyr har vore kjent lenge. Betre forutnytting og mindre fosfor i gjødsla. Kan vi klare å nytte fosforet i korn endå betre? I Rogaland pågår no eit doktorgradsarbeid på dette felte. Prosjekt P starta og finansiert av næringa og faglag. Her skal en se på hvilke fytase saman med ph, fuktighet og tid som gir den mest optimale utnyttinga av fosforet i kornet til einmaga dyr. Eit steg i rett retning. Eit anna steg som blir sett på er biogass og bruksområder for bioresten. Kan den erstatte importert plantejord?

Eg tar det som sjølvsagt at kanaliseringdpolitiken som kom før mine barndommsminner også ligger til grunn nå. Korn i øst og gras i vest. Vi har eit langstrakt land med ulikt klima og topografi. Ulike muligheter og utfordringer. Derfor forventer eg at Norges Bondelag legger vekt på alle landsdeler sine særegenheter og ein kanaliseringspolitikk som er innarbeida gjennom generasjoner.

Vi har og eit storting som har vedtatt mål om auka norsk matproduksjon klarer vi det målet hvis vi skal låse all landet produksjon på maks 2,1 kg fosfor inkludert mineralgjødsel  og 2 meter randsone til alt av elver og bekker. Bare med  2 meter randsone har fylkemannen i rekna ut til å være 12000 dekar i bare Rogaland. 12000 dekar med meget redusert avling. Det er 3 ganger så mykje som stortinget sitt årlig jordvernmål?

 Samtidig skal vi jobbe for å bli bevist vår bruk av fosfor 

 Vi skal se på nye løysninger og ta i bruk ny teknologi for å bruke næringstoffa  Husdyrgjødsel er ein del av næringskjeden vår, den er kortreist og bærekraftig og lander du på Sola på våren, ja da skal du trekke pusten djupt og tenke dette lukter framtidas gull!  Fordi gjødsla vi bruker som mat til plantene gir mat på mitt og ditt bord. 

 Jan Idar Haugen, nestleser i Rogaland Bondelag sitt innlegg

 

Ordstyrer, årsmøte og minister!

Leiaren var innom mange viktige tema i sin tale.  Eit av dei er pelsdyr og den nye regjeringserklæringa der ein har mål om å leggje ned Norsk pelsdyrnæring. Ei svært beklagelig innstilling og eit angrep på ei viktig næring i norsk landbruk. Husk at det fortsatt er Stortinget sitt vedtak om bærekraftig utvikling frå 2017  som gjeld. Pelsdyr er ei lovlig næring i Norge. Minister: det har hendt før at ein ikkje gjennomfører alt ein har sagt, sjølv om det står i ei regjeringserklæring.

Lars Petter Bartnes trekk fram dyrevelferd som eit hovedpunkt i talen sin. Det er eg glad for og eg deler leiars betraktninger om dyrevelferd og viktighet av eit godt omdøme hjå forbrukaren.

Dyrevelferdsregelverket set standard. Det er bondens ansvar å følge regelverket, og det er Mattilsynet  si oppgåve å kontrollere at dette vert gjort. Felles forståelse av kor lista skal ligge er eit godt utgangspunkt.

Sjølv om det kan vera svært ubehagelig å bli kontrollert, er me bønder heit avhengig av at nokon kontrollerer og reagerer på dårlig dyrehold. Det er svært viktig at det er eit statlig tilsyn som har denne oppgåva. Mattilsynet sine inspektører har stor makt. Det er avgjerande at dei har kompetanse og erfaring frå det dyreholdet dei skal kontrollere. Dette handler fort om tillit.

Tilsynskampanjen i slaktegrisbesetningar i Rogaland viser at Mattilsynet tek oppgåva si på alvor. Kampanjen har vist eit stort behov for dialog mellom næring og Tilsyn. Det handlar om informasjon og ærleg meiningsutveksling;bonden sine organisasjonar har ei viktig oppgåve i å tilrettelegge for dette.

Gjennom å krevje innsyn i enkeltsaker har dyrevernsorganisasjoner følgt Mattilsynet sin kampanje. Dei har planta saker i media og brukt sakene for å spre sitt bodskap. Dei er dyktige i media, gode på politisk påverknad og inngår samarbeid og allianse når det tjener deira sak. 

Der er ikkje alle som klarer å skilje mellom kjæledyr og produksjonsdyr. nokon er negative til husdyrhald på ideologisk grunnlag, medan andre tillegg dyr menneskelige tankar og følelsar. Det er ulike krefter som jobbar i kvar sin retning. Me har ein stor jobb å gjera. 

Me forventar at Norges bondelag vil setje dyrevelferd høgt på dagsorden. Styret i Norges bondelag må vurdere om organisasjonen har nødvendig kapasitet og kompetanse når det gjeld regelverk og praktisering av dette. Næringa må sjølv ta ei aktiv rolle for å sikre god dyrevelferd og i større grad sette  standard og bestemme retning. 

Forskning og kunnskap må ligge til grunn for dette. God og rett informasjon til forbrukaren er avgjerande for fortsatt tillit.

Bondens rettstryggleik skal og må ivaretas i tilsynssaker. Stikkord her er vurdering av skuld, overtredelsegebyr og avkorting i produksjonstilskot. Her trengs ein gjennomgang av regelverk og praktisering av dette.

 

 

Utsendingene fra Rogaland Bondelag fra venstre forran: Geir Ingve Øglend, lokallagsleder i Sandnes Bondelag og Ole Martin Eikeland, Jan Idar Haugen og Marit Epletveit fra styret i Rogaland Bondelag. Fra venstre bak: Åsbjørn Høyland, lokallagsleder i Nærbø Bondelag, May Britt Lode fra styret i Rogaland Bondelag, Lodve Haaland fra pelsdyralslaget, Gunleif Haukelid, Stein Magne Valheim, lokallagsleder i Hjelmeland Bondelag og Bente Gro Slettebø fra styret i Rogaland Bondelag lengst til høyre.