Hensikta med møte var å orientera om landbruket i Rogaland. Fylket er viktig i norsk matproduksjon, det er ikkje utan grunn vi kan kalla oss matfylket. Vårt fylke har om lag 10% av landet sitt dyrka areal og vi har opp mot 20 % av produksjonen av mjølk, sau og lam. På storfekjøt har vi ein andel på om lag 17% av landet sin produksjon.  Vårt fylke har 85% av norsk tomatproduksjon, det er Finnøy, Rennesøy, Klepp og Hå som er dei største veksthuskommunane.

Alle produksjonane i Rogaland er heilt avhengige av eit velfungerande importvern. Slik som vårt land er utforma, geografisk, klimatisk osv er det uråd for oss å konkurrera med utlandet på pris. Skal ein kunna ta ut ein akseptabel pris i marknaden er vi heilt avhengige av importvern. Norge er ikkje spesiell på dette området, alle land har importvern for å beskytta eigen matproduksjon. 

Jordvern, kampen om næringsareala er stor i vårt fylke. Store areal som i vert nytta til matproduksjon vert  omdisponert. Dersom vi skal auka matproduksjonen må det ei haldningsendring til på dette området

Utarbeida rapportar på verdiskaping i primærlandbruket og landbruksproduksjonen sine ringverknadane innan sysselsetting vert gått gjennom. I vårt fylke er netto verdi på verdiskapinga i primærleddet på vel kr 1,8 mrd. Sysselsettinga på primærleddet utgjer om lag 6 500 årsverk og på ringverknader som til dømes foredling, transport osv er det ein sysselsetting på om lag 8000 årsverk. Dei 14 500 sysselsette i utgjer om lag 6% av alle sysselsette i Rogaland.

Rogaland Bondelag legg opp til møte med våre stortingspolitikarar frå Rogaland, både samla og partivis.