Investeringsviljen er stor i Rogaland. Utfordringa er å prioritera kven som skal få. Potten til fordeling er nemleg berre på kr. 42 mill.

Møte

Det er 51 melkebruk, 46 ammekubruk og 11 fruktbruk fordelt på 177 dekar som har søkt i Rogaland. I tillegg er det 7 bruk som har søk på landbruksbasert næring.

Søknadstala kom fram på eit møte 29. mars, om landbruksbasert næringsutvikling i Rogaland i 2017 i Måltidets hus. Innovasjon Norge opna møtet.

Billege ammekufjøs

Andreas Lundegård og Harald Pedersen frå Tveit Regnskap AS la fram tall og idéar om korleis ein kunne bygga billige ammekufjøs. Inspirasjonen hadde dei henta frå ein studietur til Irland. Dei viste til at tal på kr. 50 000 - 70 000.- per mordyr var realistisk å få til også på våre kantar av landet.

Gardsbesøk 

Etterpå gjekk turen til to bønder på Jåttå, Jon og Jan Årrestad, som har bygd nytt fjøs for 100 ammekyr. Dei driv  Angus Gardskjøtt og sel kjøttet direkte ut til forbrukar, etter at Nortura har slakta og pakka det i porsjonspakkar. Deira bygg kom på 70 000 kroner per mordyr utan noko eigeninnsats.