Høie var i godt statsrådsselskap. Både landbruks- og matminister Jon Georg Dale, fiskeriminister Per Sandberg og klima- og miljøminister Vidar Helgesen var på plass.

Handlingsplanen har som mål å få nordmenn til å eta sunnare, då helst meir grønsaker, frukt, bær, fullkorn og fisk.

Høie trekte fram at mat engasjerer og viste til at han har lagt fram mange store planar utan at engasjementet har vore særleg stort.

- Men då eg foreslo å flytta middagen på sjukeheimane, då kokte det. Mat og måltider engasjerer og folk er opptekne av meir enn å bare fylla magen, sa Høie frå talarstolen.

Vil redusera matsvinnet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale trekte fram at det vil vera nye produksjonmulegheiter for jordbruket i framtida ved å satsa meir på frukt, grønt og grove kornsortar. I lys av matsvinn-debatten nytta også Dale høvet til å slå eit slag for lapskausen.

- Me må redusera matsvinnet og bruka matrestar i staden for å kasta dei. Og bruk gjerne også lam oppi, så får me svidd av overskotslagera våre, sa landbruksministeren humoristisk.

- Meir fisk, mindre kjøt

Nytt av året var at klima- og miljøminister Vidar Helgesen også gjesta matkonferansen. Han meinte at jordbruket kan gjera meir for å redusera klimagassutsleppa.

- Forbrukaren kan vera med på å påverka. Då er det ein god ting å endra kosthaldet. Eitt måltid mindre kjøt i veka vil redusera utsleppa frå jordbruket, meinte han.

Det var også fleira av debattantane på matkonferansen som trekte fram raudt kjøt som ein miljøsyndar. Eit gjennomgåande tema var å eta mindre kjøt og meir fisk.

- Same kua til mjølk og kjøt

Men landbruksministeren ville ikkje leggja opp til nokon politisk hestehandel om kor mange biffmåltid kvar enkelt skal eta.

- Me må hugsa at i Norge er det den same kua som blir brukt til både mjølk- og kjøtproduksjon. Landbruket har utvikla ei god kombinasjonsku til begge produksjonane, sa Dale, men la til at det nå handlar om å finna dei gode klimatilpasningane

- Jordbruket kan bli meir klimavenlege og klimaeffektive, sa landbruksministeren.