Pressemelding frå Rogaland Bondelag

Av Oddvar Vignes,
  • Tips en venn om denne siden

Bønder som har fått trekk i tilskot må få sakene sine prøvd på ny

Rogaland Bondelag gav allereie i fjor beskjed til Fylkesmannen i Rogaland om at det ikkje var haldbart med trekk i produksjonstilskot, berre basert på vurderingar frå Mattilsynet.

Willy Finnbakk reiser ei viktig problemstilling i dagens Nationen og krev ein ny gjennomgang av alle kutt i tilskot basert på vurderingane til Mattilsynet.

Dette er ei problemstilling som Rogaland Bondelag har jobba med i lengre tid. Allereie i mai 2018 hadde Rogaland Bondelag møte med Fylkesmannen i Rogaland, der me uttrykte vår bekymring for bøndene sin rettstryggleik. Me meiner det er feil praksis at ein kun legg Mattilsynet sin rapport til grunn ved trekk i produksjonstilskot. Landbruksforvaltninga må sjølv innhente informasjon og gjere ei sjølvstendig vurdering.

I lys av dei siste hendingane og rapportane om Mattilsynet vil Rogaland Bondelag foreslå følgjande tiltak:

  • Mattilsynet må gå gjennom rapportane sine på nytt slik at Fylkesmannen kan få tatt sakene opp til ny vurdering
  • Reglane for gjennomgang og praksis med tanke på trekk i produksjonstilskot etter brot på dyrevelferdsreglane må reviderast og endrast.
  • Landbruksforvaltninga må innhente informasjon frå fleire enn Mattilsynet og skal gjere ei sjølvstendig vurdering av skuldspørsmålet før ein gjer avkorting i produksjonstilskotet.
  •  Bondens rettstryggleik skal ivaretas og Forvaltningslova skal følgast. Det bør vurderast om Riksrevisjonen bør gjennomgå tidligare saker

Dette er svært alvorlege saker for dei bøndene som har fått avkorting i tilskotet. Me treng at bonden likebehandles for feil og manglar. Me treng samstundes eit velfungerande Mattilsyn som er med å driv fram norsk landbruk. For å få dette til må ein kunne setje strek over tidlegare feil og manglar. Det trur Rogaland Bondelag fyrst kan skje når ein har fjerna usikkerheitene rundt behandlinga av tidlegare saker.

For meir utfyllande kommentarar, kontakt:

Marit Epletveit

Styreleiar Rogaland Bondelag

Telefon: 909 75 032

Joa, det vart Bjoa!

Mange aktivitetar og godt humør, det har vore ei stor glede å følgje med Bjoa Bondelag i 2019

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere