Overskot i saueproduksjonen – kva med vegen vidare?
Sauer er nokre flotte skapninger. Dei gir god mat og er kanskje Norges beste gartnere?
I Rogaland er me bekymra over at me i Norge har gått i frå underskot på lammekjøt til overskot på kort tid. Nortura varsler auka omsetningsavgift og lågare prisar. I Rogaland har ingen fått innovasjonsmidler til sau i 2016. Dette bl.a fordi knappe midler vart valgt brukt på mjølk, men og fordi ein ikkje ynskja å stimulera til overproduksjon i sauenæringa.Men kva tenker resten av landet?


Me registrerer at der er saueprosjekt i andre deler av landet. Me registrerer at og sauenæringa utvikler seg mot store besetninger. Er dette starten på ei utvikling me vil ha? Er dette vegen å gå? Mange garder har sau i kombinasjon med andre produksjoner. Resultatet: Mange besetninger på under 50 sau til 100 bidrar til mykje god landskapspleie spreidd over store deler av landet.


I mitt nabolag er ku+sau=sant. Kva gjer dei om inntekta på sau går ned? Har ein då  to val: auka eller gje seg? 
Kva vinn me eller tapar me med ei utvikling mot store besetninger innan sau? Me er redde me tapar balansen i markedet. Me tapar då inntekt. Kulturbeite tapar om dei små besetningene tapar. «På jakt etter de største blomstene tråkker vi så lett på de små» (Margot Sandsmark) Ikkje sikkert dette gjelder alltid, men det er noko å tenkje på.
Går inntektene ned vil fleire små gi seg. Er der ikkje rom for dei?


Rogaland vil advare mot blind fremadstorming i sauenæringa. Norges Bondelag må ta dette med seg inn i arbeidsåret. Me må vera vakne, gjera kloke val til det beste for heilheten i norsk matproduksjon. Me må ha hendene på rattet og vera klar over følgene av det me held på med.