I år er mange nye delegatar på årsmøte i Rogaland Bondelag. -Eit godt tekn for organisasjonen at me har god bredde av veteranar og førsteårsreisande i årsmøteforsamlinga, og at me regelmessig rekrutterer nye tillitsvalte, seier ordstyrar Ola Andreas Byrkjedal.

Jim Arild driv med ammeku og kylling, mens Trond Arne har samdrift og slaktegris. Begge to har og sau, som er nesten obligatorisk for Rennesøy-bønder.

-Det var interessant å høyre på debatten, men når man er her for første gong er det litt vanskelig å ta ordet, og få oversikt over det som skjer, seier Trond Arne. Dei fulgte godt med på det som blei sagt om krisepakken, då Rennesøy vart hardt råka av tørka, men ikkje fekk noko utbetaling. Dette er noko dei håper blir gjort noko med framover.