Open Gard i sommarens siste sol

Me er komen til sommarens slutt, og det veit me når open gard vert arrangert i heile fylket.
Det er ikkje kvar helg i august der me kjenner sola varme, men heldigvis fekk me nyte seinsommaren saman med Open Gard dei to siste helgane. Kombinasjonen gjorde arrangementa til ein fest – særleg kombinert med grillmat og is – til arrangøranes og dei besøkandes glede.
På Karmøy var det Olav Pedersen som sto for vertskapet. Her kom over 2000 deltakarar for å sjå eitt stort utval med husdyr og maskinar, samt mange familievenlege aktivitetar.
I Time sto Torulv og Jorunn Time for vertskapet. Heile 3000 kom for å delta i familievenlege aktivitetar som tur med gråtasstraktor, sporleik, halmhopping og mykje meir. Sjøvsagt var alle dyra også populære for store og små.
Gråtasstur i Time
I Hjelmeland tok Mikal og Kristine Hetland på Fister imot 200 besøkende frå lokalmiljøet. Det var gode aktivitetar, med blant moglegheit for å sjå moderne robotfjøs, føll og grisunger, og mykje god mat.
Har du ikkje fått med deg open gard i august? Då kan du trekke eitt lettelsens sukk, for både Rennesøy Bondelag og Tysvær Bondelag skal arrangere i september!
Tysvær bondelag |
25.09.2022 |
|
|
|
|
Rennesøy Bondelag |
04.09.2022 |