Jordbruket er ei stor og viktig næring i Rogaland, og fylkeskommunen er ein viktig samarbeidspartnar for vidare utvikling i jordbruksnæringa i Rogaland. Rogaland Bondelag arrangerte ein omvising i rogalandsjordbruket der næringssjefen fekk betre innblikk i korleis den moderne jordbruksproduksjonen i Rogaland er og kan utviklast vidare. På turen var det og tid til orienteringar om jordbrukspolitikk og rammevilkåra for jordbruksnæringa.

Elisabet Faret og seniorrådgjevar Iver Jan Leren i næringsavdelinga fekk besøke garden hjå fylkesleiar Marit Epletveit, der det vart sett av tid for eit kjøkkenbordmøte.

På dei flatare delane av Jæren blei det omvising på gartneriet hjå Jone Wiig, mjølke- og ammekufjøset hjå Arnstein Røyneberg, og biogassanlegget hjå Olav Røysland.

Olav Røysland orientere om bruk av biorest  i planteproduksjon.