Om pølser og ungdomspolitikarar

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Frå venstre: Sandra Christin B. W. Skarholm, Senterungdommen, Reidar Sand, Sosialistisk ungdom, Daniel Rayner, Arbeidernes ungdomsfylking, Sander Olsen, Unge Høyre, Jonas Andersen Sayed, Kristelig Folkepartis Ungdom, Nina Ørnes, Unge Høyre, Susanna Aske Bredenbekk, Unge Venstre, Hanne Radulff Stein, Unge Høyre.

Torsdag 15. august tok me ungdomskandidatane til fylkestinget på ein jordbrukstur der me synte fram gardsdrift, slakt og pølsemakeri. Ingen av delane gav avsmak.

Turen starta i solskinn på Jåttå, der me vart tatt i mot av mjølke- og kjøtprodusent Torgeir Kinn. Torgeir har ein god mjølkeproduksjon med kombinasjonskua Norsk Raudt Fe i eit moderne lausdriftsfjøs med solcellepanel på taket. Her fekk me synt fram korleis kombinasjonskua og grasproduksjon heng saman med klimapolitikk, samt ein god drøs om kor viktig langsiktighet i reguleringsplanane er for å kunne investere og satse på jordbruk, dyrevelferd, genar, automatisering, beitebruk, jordvern, klima og meir.

Daniel Rayner frå Auf var interessert i avlsarbeidet. genetikk og automatisering, mens for andre heldt kalvane meir appell.

Me runda av gardsbesøket med ein handmjølkekonkurranse, som ble vunne av Jonas Andersen Sayed frå KrfU, passande nok når Krf har landbruksministaren.

Hanne Randulff Stein, Unge Høgre, mjølkar.

Jonas Andersen Sayed, KrfU, feirar sigeren med sjølvmjølka mjølk.

For å laust sitere den tyske rikskanslaren Otto von Bismarck, politikk er som pølser - det er best å ikkje sjå korleis dei blir lagd. Men Nortura hadde ingen ting å skjule på sitt slakteri og pølsemakeri på Forus. Dei viste gledeleg heile prosessen, frå dyra kom levande inn til dei vart ferdig lagde pølser.

Hygienen er i høgsetet på Norturas pølsefabrikk.

-Det var langt mindre valdsamt enn eg trudde, sa Susanna Aske Bredenbekk frå Unge Venstre, som blei istemt av Nina Ørnes frå Unge Høgre. Leiinga på fabrikken ynskjer å vise korleis slaktinga går føre seg, for å blant anna forebygge mytedanning om slakting. Dei bad og ungdomspolitikarane om å vere med på å styrke fagutdanninga på vidaregåande skuler. Fagbrev som kjøtskjerar kan gje ein god jobb i næringsmiddelindustrien, men og fungere som eit springbrett opp til andre jobbar, sa konstituert fabrikksjef Olav Tandberg som sjølv har fagbrev.

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere