-Denne stadfester at vi som næringsutøvere er viktige. Ikkje berre skaffer vi mat til den norske
befolkninga, men verdiskapinga gir arbeidsplasser og ringvirkninger for mange fleire, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag. Fortsatt har vi over 4000 aktive gardsbruk i fylket, som utgjer at 10% av dei aktive gardsbruka i landet er her i fylket.


Verdiskapinga frå jordbruket har auka dei siste åra og berre på primærledet er den totale
verdiskapinga nå på 3 milliarder i Rogaland. Størst verdiskaping har vi frå mjølkekyr, som vert mange ganger omtala som ryggraden i norsk landbruk.


Veksthusnæringa har hatt ei betydelig auke i verdiskapinga her i fylket. I dag er 92% av dei norske tomatene produsert i Rogaland.
Ikkje overraskende øker verdiskapinga frå ammekyr i alle regionar. Det har dei siste åra vore satsa på storfekjøttproduksjon fordi det har vore underskott og marknadsmuligheter. Nå ser vi at politikk virker og produksjonen og dermed verdiskapinga auker.


På sau har verdiskapinga i form av kroner og øre gått ned i 2017. -Dette er trist. Sau er viktig for å holde landskapet open. Vi har vore i ein situasjon der vi har overproduksjon på sau og lam. Noko som gjenspeiler inntektene her, seier fylkesleiar Marit Epletveit. Me kan aldri gløyme kor enormt arbeid sauen gjer for å halde landskapet ope, det har også ein verdi som ikkje kjem fram i denne rapporten.


Rogaland Bondelag ønsker å takke Nibio for godt arbeid og både Fylkesmannen og Fylkeskommune i
Rogaland for økonomisk bistand. Rapporten vil være viktig i arbeidet framover. Eg håper mange ser
verdien som ligg i det å ha eit aktivt landbruk rundt seg og legg til rette for dei i politiske beslutninger
slik at vi fortsatt har mange aktive gardsbruk og i framtida, seier Epletveit.
Ønsker du å lese heile rapporten kikk her. Då kan du se utvikling i heile fylket, men óg kva landbruket betyr i din kommune.