Mange undra seg over at regjeringa køyrer dette løpet trass i klare signal frå Stortinget. Det er uforståelig at me i dette tilbodet vert straffa for å ha hatt "for god inntektsvekst" tidligare .

Tilbodet legg ikkje ein gong opp til same prosentvise utvikling som andre grupper og er milevis frå kronemessig likt tillegg. Bondelaget må gjera kva dei kan for å få til ei avtale. Det skal ikkje vera tvil om kven som har ansvaret viss det ikkje lukkast!