- Her på Haugalandet har me betydeleg sysselsetting og verdiskaping i både landbruket og i fôr- og næringsmiddelindustrien. Haugalandsbonden bidreg med svært mange arbeidsplassar i regionen. Dette vil me setja fokus på, seier Jan Idar Haugen, bonde i Skjold og styremedlem i Rogaland bondelag.

 

Ope møte

Alle bondelaga på Haugalandet inviterer, saman med Rogaland bondelag, til landbrukspolitisk dag måndag 28. august.

- Me vil ta inn verda omkring oss og sjå på kva ein innanlands matproduksjon har å bety for vår forsvars- og beredskapsevne, seier Haugen og legg til at møtet tar opp tema som bør interessera fleire enn dei mest landbruksinteresserte.

Hovudinnlegget for kvelden er ved Dagfinn Torstveit og handlar om trusselvurdering og matvaresikkerheit. Her vert norsk matproduksjon og sjølvberging sett inn i ein global samanheng.  Torstveit er bonde i Stokkadalen i Vats, pensjonert politimann, samfunnsengasjert skribent og har vore aktiv politikar.

Møtet blir avslutta med ein politisk debatt mellom ulike stortingskandidatar. Møtet blir opna av Tysvær-ordførar Sigmund Lier og leia av Harald Birkevold, kommentator i Stavanger Aftenblad. Det blir opna for spørsmål frå salen.

 

- Ei suksesshistorie

Fyrste del av dagen vil dei inviterte stortingskandidatar besøka lokale bønder, eit moderne slakterianlegg og ei transportbedrift som transporterer landbruksprodukt.

- Me ønskjer at stortingskandidatane skal bli meir kjende med næringa og vite litt meir om norsk mat og norsk landbrukspolitikk, seier Haugen, og legg til at Norsk landbrukspolitikk på mange måtar har vore ei suksesshistorie.

- Ein har lukkast med å ta heile landet i bruk og skaffe forbrukaren trygg og god mat. Andre land ser no til Norge for å læra om den norske landbruksmodellen, seier skjoldbonden. 

 

Rein, norsk mat

Norsk landbruk og landbruksbasert næringsmiddelindustri skaper mange arbeidsplasser, totalt over 90 000, og er dermed rekna som landets største fastlandsindustri i følgje Statistisk sentralbyrå.

Eit småskala familiejordbruk med bruk over heile landet bidreg til levande bygder med produksjon og arbeidsplasser. Norsk landbruk har plante- og dyrehelse i verdstoppen. I tillegg er lågast antibiotikaforbruk i verda eit eksempel på rein, norsk mat.

Norske husdyr er også fri for mange av dei mest alvorlige dyresjukdommane me kjenner.