Open Gard vart godt besøkt i helga. Omlag 700 i Egersund, 400 i Gjesdal og 1500 i Time, trassa godvêret og møtte opp for å sjå og oppleve gardslivet. Rogaland Bondelag gratulerer lokallaga med vel gjennomførte arrangement og takkar alle som har vore med på den store dugnadsinnsatsen som ligg bak. Ein ekstra stor takk til dei som opna gardane sine, utan dei, ingen Open Gard.

Time Bondelag har laga ein bildeserie frå arrangementet sitt, den finn du her

Foto: Time Bondelag