Det er fleire som opplever at naboskapet med jernbanen byr på utfordringar. Det er mange gamle gjerder der det nå er ueinigheit om bonden eller Bane NOR har gjerdeplikt – der svar kun er å finne i gamle og bortgøymde dokumenter. Det kjem tidvis dyr på linja som blir påkøyrde, det er vanskeleg kommunikasjon mellom grunneigar og jernbanen samt ein krevjande saksbehandling. Mange opplever naboskapet som ein belastning i kvardagen. Rogaland Bondelag har i ei tid arbeidd med å få oversikt over utfordringane. Me vil difor samla grunneigarane for å leggja vegen vidare.

Bane Nor er invitert men har foreløpig ikkje bekrefta deltakelse.

Rogaland Bondelag og bondelaga langs jernbanen i Hå, Eigersund og Lund inviterer alle grunneigarane langs jernbanelinja til eit møte om gjerdehald 6. desember kl. 19.30 på Helleland grendehus. Med oss har me blant anna samarbeidsadvokat frå Vierdal advokatfirma som fortel om den relevante jussen om gjerdehald langs jernbanen. Frå Oslo kjem Rogalands mann i Stortingets transportkomité, Øystein Langholm Hansen (ap) - og Sem Varhaug Søberg, advokat frå Noregs Bondelag. Disse trenger å få klar beskjed frå alle dei som opplever problem med gjerdehaldet slik at me kan arbeide for ein betre løysing sentralt. Møtet er opent for alle.