Med ei solid utdanning på Landbrukshøgskolen på Ås var Svein Helge godt skikka til oppgåva i Rogaland Bondelag. Arbeidet hans var prega av stor fagleg innsikt, anten det var snakk om agronomi, husdyrfag eller økonomien hjå medlemmane. Med eit svært aktivt landbruksmiljø og stort fokus på  produksjon og effektivitet, var dette naudsynt for å fylla oppgåva i Bondelagets største medlemsfylke. I tillegg til det faglege, var organisasjonsarbeidet også ei stor interesse. Balansen mellom dei ulike delane av Rogalandslandbruket er alltid utfordrande, dette greidde Svein Helge på ein svært bra måte. Tillitsvalde med høge forventingar, mange medlemmar og aktive lokallag gjorde at vanleg arbeidstid ikkje alltid strekte til. Han hadde kjennskap til heile fylke som få andre.

Svein Helge var svært klar på landbruk og matproduksjon si store rolle i næringslivet i Rogaland. Dette var han svært tydeleg på i kontakt til forvalting og politikarar. Med si faglege tyngde og gode forankring blant bøndene, hadde samarbeidspartnarar innan offentleg administrasjon og folkevalde stor respekt for Svein Helge.

Kollegaer i Bondelaget, både i Rogaland og på hovudkontoret i Oslo visste at Svein Helge alltid hadde tanke for korleis det gjekk. Kontakten var tett, og informasjonen gjekk godt, begge vegar. Tilnærminga hans var sjeldan «det vil vel helst gå godt», men oftare «det løner seg å vera godt førebudd».

Rogaland Bondelag har mista ein sterk støttespelar og ein god medarbeidar. Vi lyser fred over Svein Helge Harbo sitt minne.

 

Tilsette og tillitsvalde i Rogaland Bondelag