Minneord – Svein Helge Harbo

Av Marianne Osmundsen,
  • Tips en venn om denne siden

Svein Helge Harbo

Svein Helge Harbo døyde 10. januar 2019. Svein Helge var tilsett i Rogaland Bondelag frå februar 1981 til han slutta i oktober 2011. Første tida var han førstekonsulent på kontoret i Stavanger, men frå sommaren 1983 tok han over som organisasjonssjef. Den stillinga hadde han til han gjekk av. Årsmøtet i Rogaland Bondelag utnemnde han til æresmedlem same året.

Med ei solid utdanning på Landbrukshøgskolen på Ås var Svein Helge godt skikka til oppgåva i Rogaland Bondelag. Arbeidet hans var prega av stor fagleg innsikt, anten det var snakk om agronomi, husdyrfag eller økonomien hjå medlemmane. Med eit svært aktivt landbruksmiljø og stort fokus på  produksjon og effektivitet, var dette naudsynt for å fylla oppgåva i Bondelagets største medlemsfylke. I tillegg til det faglege, var organisasjonsarbeidet også ei stor interesse. Balansen mellom dei ulike delane av Rogalandslandbruket er alltid utfordrande, dette greidde Svein Helge på ein svært bra måte. Tillitsvalde med høge forventingar, mange medlemmar og aktive lokallag gjorde at vanleg arbeidstid ikkje alltid strekte til. Han hadde kjennskap til heile fylke som få andre.

Svein Helge var svært klar på landbruk og matproduksjon si store rolle i næringslivet i Rogaland. Dette var han svært tydeleg på i kontakt til forvalting og politikarar. Med si faglege tyngde og gode forankring blant bøndene, hadde samarbeidspartnarar innan offentleg administrasjon og folkevalde stor respekt for Svein Helge.

Kollegaer i Bondelaget, både i Rogaland og på hovudkontoret i Oslo visste at Svein Helge alltid hadde tanke for korleis det gjekk. Kontakten var tett, og informasjonen gjekk godt, begge vegar. Tilnærminga hans var sjeldan «det vil vel helst gå godt», men oftare «det løner seg å vera godt førebudd».

Rogaland Bondelag har mista ein sterk støttespelar og ein god medarbeidar. Vi lyser fred over Svein Helge Harbo sitt minne.

 

Tilsette og tillitsvalde i Rogaland Bondelag

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere