Mentorordninga kjem til Rogaland i 2020!

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Agnete Fauskrud med sin mentor i sauedrift.

Etter eit treårig prøveprosjekt i nokre fylke og gode tilbakemeldingar, kan no bønder i heile landet søka om å få sin eigen mentor i 2020.

Mentorordninga i landbruket går ut på at ein fersk bonde vert sett saman med ein meir erfaren kollega som mentor til å bistå som diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, frå dei tradisjonelle til Inn på tunet, lokalforedling mm. Les gjerne reportasjar om bønder som har vore med allereie: Valborg som starta med plommer og Agnete som har starta med sau. Ordninga er eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge med økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

Regional oppfølging

Alle mentorpar vert tilknytt ein regionkontakt i Norsk Landbruksrådgiving. Samarbeidet settast i gong med ei oppstartssamling der ein får opplæring i kva opplegget går ut på. Mentorparet skriv òg ein målretta avtale på kommunikasjon og møter gjennom året. Mentor mottar ei godtgjering på 8000 kr for arbeidet.

Søk i dag - frist 1. desember

Ønsker du å ha ein mentor? Eller ønsker du å vera ein mentor? Søk i dag via på søknadsportalen du finn på NLR sine sider:

https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2019/mentor-2020/

 

Lurer du på noko? Ta kontakt med regionkontakt for mentorordninga i Rogaland, Etne og Sveio:

Bjørg Karin Dysjaland

Tlf. 938 40 839

bjorg.dysjaland@nlr.no

Torbjørn Madland og Inga Steinsland var to av 31 påmelde lokallagsleiarar på leiarmøte i Rogaland bondelag.

- Nyttig med leiarmøte

Torbjørn Madland er fyrstereisgut og Inga Steinsland gammal travar på leiarmøta til Rogaland bondelag. Men at møtet er nyttig, er dei begge samde om.

skuer mot fremtiden

Det Vandrende Vervekurs til Hjelmeland

Den 8. november arrangerte verveutvalget i Rogaland Bondelag Vandrende Vervekurs i kommunehuset i Hjelmeland. Kurset er et tilbud til lalle lokallaga i Rogaland.

Våre samarbeidspartnere