Mentorordninga i landbruket går ut på at ein fersk bonde vert sett saman med ein meir erfaren kollega som mentor til å bistå som diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, frå dei tradisjonelle til Inn på tunet, lokalforedling mm. Les gjerne reportasjar om bønder som har vore med allereie: Valborg som starta med plommer og Agnete som har starta med sau. Ordninga er eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge med økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

Regional oppfølging

Alle mentorpar vert tilknytt ein regionkontakt i Norsk Landbruksrådgiving. Samarbeidet settast i gong med ei oppstartssamling der ein får opplæring i kva opplegget går ut på. Mentorparet skriv òg ein målretta avtale på kommunikasjon og møter gjennom året. Mentor mottar ei godtgjering på 8000 kr for arbeidet.

Søk i dag - frist 1. desember

Ønsker du å ha ein mentor? Eller ønsker du å vera ein mentor? Søk i dag via på søknadsportalen du finn på NLR sine sider:

https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2019/mentor-2020/

 

Lurer du på noko? Ta kontakt med regionkontakt for mentorordninga i Rogaland, Etne og Sveio:

Bjørg Karin Dysjaland

Tlf. 938 40 839

bjorg.dysjaland@nlr.no