Strøm og gassprisane har steget meir enn kva dei fleste kunne forutseie. Dette har ført til sterk uro hjå fleire aktørarar innan rogalandslandbruket. Leiaren i Rogagrønt SA, Håvard Skavland slår no full alarm.

- Det er no planlegginga av neste sesong startar for dei fleste av oss gartnarar. Det er mange hensyn å ta inn i berekninga, men sanninga er at for fleire av oss gartnarar vil det no verte ulønnsomt å setje inn planter. Slik kan det rett og slett ikkje vere, seier Skavland. Sjølv har han det største gartneriet på Talgje og rimeleg trygg på at han kjem til å setje inn planter uansett. – For somme av oss vil kostnadene uansett vere så store, at sjølv om me går med tap, så handlar det om å redusere tapet. Me har på mange måter bunde oss til masta, og må handle ut frå den situasjonen me har sett oss i, seier han.

Pandemien gjorde at storting og regjering sette matproduksjon opp som ein viktig del av tryggleiken og beredskapen til landet. No bed Skavland den nye regjeringa følgje opp lærdommen frå pandemien. – Politikarane bed oss produsere meir. Daglegvarekjedene bed oss gjere sesongene lengre. Me stiller opp, saman med resten av landbruket, og tar det ansvaret for landet. Men me kan ikkje ta det ansvaret om bedriftene våre går under. Den nye regjeringa er nøyde til å sjå at dei kortsiktige tiltaka som vert snakka om, strakstiltak på moms og elavgift, dei har me fritak frå uansett, så det hjelp ingenting.

Kunne de henta energibehovet frå andre stader enn til dømes gass?

- I teorien er alt mogleg, men når ein skal setje det ut i praksis så vert det verre. Her på Talgje til dømes har me fått beskjed om at kapasiteten på straumnettet er sprengt dei neste åra, så her kan ikkje den delen utvidast. Me ser stadig på nye og betre løysningar, men desse tek tid. I mellomtida har me fått ein auke i straum og gass prisar som me ikkje kunne forutsett. Eg har valgt for mi bedrift å sikre deler av straumprisen. Eg veit ikkje korleis eg til slutt kjem ut, men i alle fall så får eg tryggheit for kva eg skal betale for energien. På kort sikt er det altså ingen alternativ til gass og straum for oss.

Kva med dei som no tenkjer at vell, tomater kan dei lage der sola alltid skin?

- Ein ting av mange ting me har lært av pandemien er at grensene kan verte stengte. Sjølvforsyning var viktig tidlegare, men no har det vore synleg for all i ein periode.  I enkelte månader så får ein fine tomater frå Spania, men dei kan ikkje forsyne heile Europa. Dei har og slitt med aukande varme i sesongane sine, og det er knappheit på vatn. Så kan ein ta diskusjonen om ein skal halde på med å kjøre tomater rundt i heile Europa når me kan produsere gode og miljøvennlege tomater her heime. Som med mykje anna vert det eit spørsmål om politikk, og eg trur pandemien har gjort at me no har forbrukarar og politikarar som ser verdien av norskprodusert mat.

Heilt konkret, kva treng bransjen no?

- Me treng hjelp til å komme over kneika og med treng det no. Me har ikkje tid til lange forhandlingar som dreg ut i det uendelege. Me har sett at om staten verkeleg vil noko, så får den gjort ting veldig raskt. Vårt håp er at dei snur seg raskt om og er med å sikre at den norske grøntnæringa kjem seg gjennom denne vinteren. Det går mot kaldare tider, og rekningane til energi vert ikkje mindre og dei forsvinn ikkje av seg sjølv.

Styreleiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, fortel at det no vert jobba med å få kompensert dei auka utgiftene. – Me deler bekymringane til Skavland og gartnarane om dei galopperande straumprisane. Bondelaget jobbar no med å få kompensert straumen og få det inn som ein del av tilleggsforhandlingane. Men, det er viktig at den nye regjeringa er tett på og syner handlekraft. Det har me stor tru på at dei vil gjere.