Det var ein stor delegasjon med pelsdyrbønder frå heile landet som møtte opp for å følgje med på debatten i Stortingssalen, og blant dei var det naturlegvis mange Rogalandsbønder. Frå Rogaland Bondelag stilte fylkesleiar Marit Epletveit og styremedlem Jakob Eskeland, for å vise solidaritet med dei av våre medlemmer som har vorte råka av pelsforbodet.

Før Stortinget behandla saka vart det appeller forran Stortinget frå Pelsdyralslagets Bertran Trane Skadsem, Norges Bondelags Lars Petter Bartnes og Geir Pollestad (Sp, Stortinget).

Me er glade for at Stortinget har valt å gå for full kompensasjon, og me merka oss at nær alle av dei som var på talarstolen tok opp at me må behandle dei som blir råka av forbodet skikkeleg. Politikarane legger ned pelsproduksjon, og dei som mister sitt levebrød skal ikkje få sine liv lagt i ruiner som følgje av dårlege kompensasjonsordningar. Det vart sagt av politikarar som både støtter og er i mot forbodet, med kunn eitt par unntak. No gjeld det å følgje med på korleis den endelege kompensasjonsordninga vil sjå ut, og korleis detaljane i den vil slå ut for dei enkelte bøndene. Kampen er ikkje over, men me har vunne ein viktig siger.