Det er med stor interesse me fylgjer debatten rundt eit nytt datalagersenter på Kalberg, der målet blant anna er å nyttiggjera seg krafta frå den nye kraftlinja frå Lysebotn. Jærbuen har alltid vore driftige og flinke til å sjå moglegheitane som byr seg. Time kommune vil legge til rette for eit prosjekt som skaper nye arbeidsplassar som antagelegvis vil føre til store ringvirkningar både for kommuen og regionen. Men det treng ikkje gå på bekostning av ei av dei mest knappe ressursene me har, matjord til å produsere norsk mat på.

Rogalandsbonden generelt og ofte Jærbonden spesielt, har synt ein endringsvilje som andre bransjar har misunna oss. Me er sjølve i forkant av utviklinga og bruken med robotar og nye teknologier. Me ser nytten av av eit datasenter, me er sjølve storforbrukarar av moglegheitene ny teknologi skapar. Me vil på ingen måte stå i vegen for utviklinga av regionen, men det finnes ei grense for alt. Datalagersenteret på Kalberg når ikkje grensa, den sprengjer den.

Me kan  ikkje godta at verdifull matjord og beitemark skal nyttast til slike utbyggingar. Time kommune er ein av dei største og mest produktive landbrukskommunane i Noreg. Denne kommunen, ilag med dei andre Jærkommunane, står for ein betydeleg del av den norske matproduksjonen. Dette er mat som blir produsert av bønder som set si æra i å produsera produkt av god kvalitet. Dei er stolte av å vera del av matvareberedskapen i landet, og dei er også ein del av det viktige næringslivet i området.

Regjeringa har eit nasjonalt mål om at det ikkje skal byggjast ned meir enn 4000 daa jordbruksareal i året. Det finnes gode alternativ i Rogaland som ikkje tek øydelegg matjord. Då bør politikarane i Time, og ikkje minst selskapa som ynskjer å etablere seg her, lyfte blikket sitt.

Me er i krisetider. Landbruksjorda i Time er meir dyrebar enn den nokon sinne har vore. Bøndene i Time har aldri vore viktigare enn kva dei er no. Me kan ikkje la kortsikte moglegheiter for profitt gå framføre det evigvarande nasjonale behovet for mat. Det er på tide å setje ein stopp for prosjektet på Kalberg.

Jakob J. Eskeland, Styremedlem Rogaland Bondelag