- Å bli spurt om å bli leiar var ein spanande og uventa utfordring, seier ho.

Marit Epletveit er 39 år og driv gard på Gjesdal med mjølk og maskinstasjon. Ho har i tre og eit halvt år vore leiar av Gjesdal bondelag.

Epletveit er oppteken av å både byggja og styrka organisasjonen og auka kunnskapen blant vanlege folk.

- Og det er ein evig jobb, legg ho til.

Den nye leiaren er imponert over kor raus rogalandsbonden er.

- Rogalandsbonden deler villig av sin kunnskap og tek gjerne ein kaffikopp med naboen for å diskutera gjødselmengde, slåttetidspunkt og andre ting som står på, seier Epletveit og legg til at ho også er imponert over engasjementet for jordbruk i heile landet.

- Men dette må ikkje gå på bekostning av rogalandsbonden. Me skal heia på dei som vil noko og dei som gjer noko. Me skal snakka opp og fram dyktige bønder og visa alle at den maten me produserer er av ypperste kvalitet, seier 39-åringen.

Marit Epletveit har det siste året hatt ein halv stilling som rekneskapsførar i Klepp rekneskapslag. Ho har permisjon frå denne stillinga når ho nå trer inn i leiarvervet i Rogaland bondelag.