Verken Geir Pollestad (Sp) eller Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag er nøgd med Regjeringas skambod.

Over 60 personar i alle aldre stilte opp i finværet, både pelsbønder og bønder med anna produksjon. -Dette handlar ikkje berre om pelsdyrhald, men om retten til å halde dyr som gjeld alle bønder i Noreg, forklarte Bente Gro M. Slettebø, mjølkeprodusent og styremedlem i Rogaland Bondelag.

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, påpeikte korleis dette angrepet på ein lovleg næring, som leverer eit produkt som ikkje er forbode i Noreg, er i strid med god fornuft. Pelsnæringa er ein naturleg del av det norske jordbruket, og tek del i den vide næringskjeda til husdyrhald. Pels er eit berekraftig naturprodukt, noko me bør verdsette no som konsekvensane av syntetiske material har blitt meir openbart.

Foruten Senterpartiet møtte politikarar frå Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet. Her er to av Frp-erne saman med Jan Ove Horpestad, leiar i Rogaland Pelsdyralslag.

Det var appellar frå fleire politikarar og tillitsvalte i landbruket, samt vanlege pelsbønder og -odelsbarn. Alle var einige om at forbodet mot pelsdyroppdrett er eit angrep på eigendomsretten, og regjeringas skambod til dei skadelidande bøndene er hårreisande dårleg. Det er store verdiar i pelsgardane, som med eit pennestrøk er borte. Les meir om konsekvensane av kompensasjonsforslaget til Regjeringa her.