Velkommen til årsmøte i Rogaland Bondelag. Utrolig kjekt at så mange har valgt å komme. Det lover bra for debatten og samtalene seinere i dag. Med oss i dag har vi noen som er her for første gang spesielt velkommen til dere. Vi har med oss gjester fra andre organisasjoner og politiske parti. Velkommen. Velkommen til styremedlemmer fra Norges Bondelag Birte Usland og Arnstein Røyneberg. Vi har med tidligere fylkesledere Inge Haugland, Bjarne Undheim og Ole Andreas Byrkjedal velkommen. Hjertelig velkommen alle sammen. Vi har samla et flott knippe med folk som brenner for landbruket, det er kjekt, la det vise igjen under årsmøte. Og så ei lita oppfordring. Vi prøver oss på ny bord setting. Benytt småpausene som blir mellom sceneskifter til å bli kjent med resten av de rundt bordet, mi har sjekka. Ingen Biter.

Ja vel Ole Andreas Byrkjedal. Er du klar? i fjor på årsmøte i Suldal vart du valgt til å lede oss gjennom dette årsmøte. Eg vil ønske deg lykke til og værsågod - mikrofonen er din.

 

Årsmøte og Ordstyrar.

 

Vi legger bak oss nok eit år med krevjande vêrforhold. Men det begynte jo tross alt bra da. Flott vær og vi fekk henta inn igjen både årets og fjorårets våronnarbeid, grøfta og til og med huset fekk seg eit maling skvett.  Eg var glad det vart signet jordbruksavtale. Motivasjonen for å gå i brud i perfekt våronnvær var ikkje veldig stor.  100% fornøgd blir vi nok aldri, men det var så langt vi kom.  Det gjeld å bruke dei moglegheitene som ligg og jobbe i det handlingsrommet som vi har i det politiske landskapet. Nytte handlingsrommet og moglegheitene i det politiske landskapet blei og gjort då vi i sommar opplevde den varmaste og tørraste sommaren på 100 år.  Politikar og staten stilte faktisk opp. Men 100% fornøgd blei vi heller ikkje der. Lars Petter refererte i sommar da han la det løpet som til slutt ende med krisepakke. Ein ting er sikkert vi kjem til å få kjeft. Og det fekk han og vi. Jærbuen var ikkje fornøgd, ei heller korn og potetbonden på Østlandet.  Så har eg ikkje tenkt at vi skal bruke dette årsmøte på å diskutere kor grensa skulle gått eller kven som faktisk hadde det verst. For det er slik at gjort er gjort og spist er spist. Men det eg vil vi skal dvele ved er:  Kan vi lære av prosessen?

Eg fekk mange fleire telefonar av media enn eg fekk frå fortvilte bønder. Bonden i Rogaland ringer ikkje til bondelaget, dei ringer til rådgjevar apparatet, det er jo tross alt dei som kan hjelpe. Skulle eg ringt til alle lokallagsleder? vi sende mail, 25 % av lokallaga melde tilbake om korleis status var i sitt område. Korleis tenker dykk vi i lag best skal løyse kommunikasjonen og formidlinga ei anna gang?

Vi har eit ansvar alle samen med å følge opp. Med 4000 bønder i fylket er det klart at ikkje alle opplevde sommaren likt. Likt vil det heller aldri bli, til det er både gardane og folket som bur på dei skrud samen ulikt. Vi er eit av få land som har ei ordning som dekker opp i krevjande år. Det skal vi være både stolte og takknemlege for. Det vil være viktig for oss at ordninga består. Men det vil og være viktig internt i næringa at vi føler den treffer rett. Vi er ikkje tent med at det blir misunning i næringa og vi er i alle fall ikkje tent med at enkelte sitt igjen med inntrykket at dei som gjord mest fekk minst. Så tenker eg at i det lange løp, lønner det seg å legge inn egen innsats og ein solid dose arbeid. Det skal lønne seg å være ein dyktig bonde. Det siste er Rogalandsbonden kjent for, ikkje redd for å ta i eit tak og for til mykje på små resursar. Det skal vi være stolte av. Det var kjekt når vi i sommar hadde besøk frå bønder frå Østlandet, som er vant med seterdrift, men likevel konstaterer at dykk bruker jammen beitene godt, vi har noko å lære.

Slike utsegn varmar. Særleg etter runden vi hadde med slaktegriskampanjen i fjor

Rogalands delegasjon reiste på årsmøte i Norges Bondelag med ein klump i magen og var på alerten for sleivspark. Både var resultatet frå slaktgriskampanjen lagt fram, men og hadde det jo skjedd ei for flytting av gjødsleforskrifta som gjorde at vi var ekstra på hogget. Det er jo ingen hemmelegheit at mange på Østlandet kunne tenkt seg meir husdyr over ditt. Det gjekk helst i likaste lagt. Og eg må sei når det gjeld Gjødsleforskrift. Vi har jobba bra. Der har vore mykje aktivitet i fylket og ikkje minst det har gått opp for andre deler av landet at enkelte element i forslaget slik det er over send til landbruksdepartementet vert like krevjande for dei som oss. Meir har vi ikkje høyrt til forskrifta, så vi veit endå ikkje når den kjem på høyring. Det er likevel ingen grunn til å tru at krava vert mildare,  derfor tenker eg at vi må fortsette vårt førebyggande arbeidet med å gjødsle bevist. Delta i miljøprogram og signer miljøavtaler der det er mogleg.  Bygg gjerne lager. Ordninga som vert laga for tilskott til gjødsellager i fjor er vidareført hos Innovasjon Norge. Nok lager gir oss moglegheita til å gjødsle på rett tid. Grip moglegheita, vi skal være best på å bruke gjødsla som bondens gull.

Årsmøte i Noregs Bondelag var som naturlig veldig opptatt av at vi skal ha god dyrevelferd og  vedtok ein visjon om null toleranse for dårleg dyrevelferd og avvik. Sjølvsagt skal vi stelle dyra våre godt og sjølvsagt skal vi etterleve regelverket.  Men eg kjenner veldig på utfordringa vi har her i fylket med ein mildt sagt tynnslitt tillit til mattilsynet som har ansvaret for å kontrollere at regelverket vert etterlevd. Dette jobbar vi med, men  det er jammen ikkje nokon kvikk fiks. Vi er og opptatt av at bonden sin rettssikkerheita er ivaretatt i kontakt med mattilsynet.  Dykk skal vite at vi har fleire gode dialogmøte med leiinga i mattilsynet og jobbar konstruktivt med utfordringane. Kom gjerne med innspel på gode tiltak. Det tar som kjent mykje lengre tid å bygge opp eit godt rykte enn å rive det ned. Det gjeld oss og det gjeld mattilsynet.

Men kva er så god dyrevelferd?  kor skal grensa gå, akkurat som på gjødselforskrifta ligg der ei forskrift om hold av produksjonsdyr og venter i ei skuff.  Er det godt nok å holde seg til regelverket eller må vi stramme inn? skal vi lage strenger regelverk? Skal vi plante hælen godt i bakken når Dyrevern alliansen og NOAH kjem med sine tankar om kva som er rett hold av dyr?  Korleis taklar vi nye strømmingar i samfunnet?  Vi ser nå at dei fleste som har bygd miljøbur til hønene teller veldig på knappane. Dei er i ein skvis, drifta er heilt lovleg, men kva hjelper det når forbrukaren, eller var det butikken - ikkje vil kjøpe produkta?

Sjølv fekk eg tynn når eg i eit NRK intervju ordla meg slik at vi skal produsere det som forbrukaren vil ha. Dette var etter at EAT rapporten kom og vi plutseleg var verstingen i rommet. Husdyra vore kunne vel mildt sagt komme betre ut i Stordalen sine auge. Så kunne ein alltid ha ordlagt seg annleis, men vi bur i eit høgkost land og eg meiner først og fremst at vi skal produsere for det innlandske markedet både utifrå eit miljø og klimaperspektiv, men òg sjølvforsyning og egen sikkerheit. Vi veit kva som skjer når folk blir svoltne. Frå min tidlegare jobb var der ei historie om den eine rådgjevaren som hadde ein litt hissig samtale med sjefen.  Sjefen  ringte tilbake til ein anna i kontorfelleskapet og lurte på kva som var galt. Ho har ketose var svaret.  Tenk  då når alle går i minus på energi.

Produksjon for innanlands marknad er nøkkelen meiner eg. Då treg vi verkemiddel som sikre oss det. Streng tatt har vi nok av det meste akkurat i augeblikket, og overproduksjon gir ingen god butikk for boden. Både sau og gris har hatt eit krevjande år. Sjølv om vi fekk inn ei linje i jordbruksavtalen som sa at vi, altså Bondelaget og småbrukarlaget kunne dersom markedsregulator hadde oppfordra produsenten til å gjennomføre produksjonregulerende tiltak oppfordre til at dei vart følgt. Som for eksempel redusere påsett, inseminere mindre. Tiltaka hjelper, men er sjølvsagt avhengig av solidaritet i næringa. På gris køyrast det nå fleire parallelle løp, som vi håper gir balanse i Markedet på kort og lang sikt. Oppfordring om redusert semin. Utkjøpsordning og høyring på forskrift om regulering av svine og fjørfeproduksjonen. Enkelt sagt korleis regulere utbredt bruk av eingangspurker. Og fy søren det er ein sak som har engasjert, sjølv med korte fristar i fylkeslaget fekk vi inn mange høyringssvar. Fordi ei endring her vil påverke også dei som har høg rekruteringsprosent. Så har vi prøvd å lande dei på ein god måte før vi sendte vårt innspel vidare til Norges Bondelag.  Eg tenker at denne innstraminga av regelverk ikkje trer i kraft fort nok til å ta dagens situasjon, men seier noko om korleis det skal være framover.  Vi spilte inn 200 slakta purker i året og lik behandling uansett produksjonsform. Då vil dei som ikkje einsidig har bygd til rein eingangspurkeproduksjon klare seg med mindre tilpassingar og eg trur vi behelder fleire som kombinertbesetninger.  Og så har eg lyst til å komme med litt fakta. For oss som ikkje er i den innerste sirkelen i grisemiljøet. Eg trudde heilt ærleg at all utbredt bruk av eingangspurker var enten i Rogaland eller hos Mørk Ek. Det er ikkje tilfellet. Vi har 30% av norsk gris og vi har 30% av dei som vil slite med nye regler her i fylket.  Det kan jo være greitt å ha med seg når vi for tilbakemeldingar på at vi ikkje ar vår andel av reduksjonen. Jo på semin reduksjon gjer vi det. Men så lenge produksjonsmiljøet er godt forstår eg at ikkje fleir har meldt seg på utkjøpsordninga. Det er jo eigentleg eit sunnheitsteikn. Produsentane har lyst til å være i bransjen. Då vil importvern vere viktig og er med på å styrke konkurransekrafta til norsk mat. Men den store nøkkelen meiner eg ligg i å skape beviste forbrukaren. Forbruker som etterspør våre produkt i butikk. Da har vi ein jobb og gjer. Kjære årsmøte vi må få fram historia om kor god og berekraftige vår produksjon er. Vi må opne opp fjøsdøra og invitere inn folk, ta sjølvsagt dine forhold regler når det gjeld smitte. Det er og ein del av bilde. Det er jo ikkje folka vi beskyttar når vi utstyrer dei i kvitt frå topp til tå, men dyra våre. Slik at husdyra fortsett skal være friske og vi kan oppretthalde den gode statusen vi har på bruk av antibiotika i norsk husdyrhold. Vise dei kvardagen vår. Treng ikkje lage glansbilde, være ærleg. Eg trur det er lenge til den norske forbruker sluttar å ete kjøtt,  men vi kan ikkje stå på bakbeina og tvinge folk til å ete noko dei absolutt ikkje vil ha. Å lage gode vaner og tradisjonar er viktig. For egen del er eg vokst opp heilt utan tran, men likevel har eg nå klart å få fire unger som gledeleg tar sin tran. Så cluet er på ein positiv og god måte igjen få folket til å få augna opp for norsk mat og ei forståing for at verken ananas eller melon er noko vi produsere her, kan vi heller ha gulrot og kålrot som små knask på denne årstida. Det er ein grunn til at vi før levde på bygg-grøt og potet var sikringskost. Dette var produkta som vi både kunne produsere og lagre her. I dag brukast berre 1 prosent av den norske byggen direkte i kostholdet. det handlar mykje om kva eg og du velger å handle i butikken. Så beviste forbrukar som etterspør våre produkta er punkt 1.

I morgon skal vi vise ein film som eg håper kan bidra nettopp til fram snakking av bonden og våre produktet. Sjølv har eg ikkje sett den og Halvard Bøe har jobba på spreng dei siste dagane for å få den ferdig. Tusen takk til Halvard for innsatsen eg gleder meg til i morgon.  Filmen vil være eit steg i fram snakkinga av bonden. Eit anne steg tar vi Den 18 mars på landbrukskonferansen  her vil vi presentere ein  splitter ny verdiskapningsrapport. Ganske likt oppbygd som forgje, men med nye oppdaterte tall. Den blir viktig framover. Eg vil oppfordre dere alle til å bruke den. Ta kontakt med politikar i din kommune og vis dei kva for fotavtrykk landbruket setter igjen nettopp der. Kor mykje utgjer verdsskaping og minn dei på kva ringvirkninger det gir i form av andre arbeidsplassar.

 

Seinare i dag skal vi ha nokon tankar om politiske strøymingar. I leiars helsing som står i årsmeldinga skreiv eg om endringa som var i kjømda. Då viste vi ikkje kva som vart resultata av Granvollenforhandlingene . Nå sitter vi  med ein landbruksminister frå eiget fylke.  Eg er trygg på at Olaug Bollestad har fått med seg ein god porsjon ballast frå landbruket og at fleire her i salen har gjort sitt til å lære ho opp. Frå Njål Helland som har hatt barna til Olaug som avløyser til alle som har invitert Olaug på ulike bedriftsbesøk. Det er alltid mykje lettare å engasjere folk når dei er mottakelege. Eg vil minne forsamlinga på at Vi skal være partipolitikks nøytrale,  på at det er nesten 100 år sidan vi på årsmøte i Norges bondelag skilte lag og Bondepartiet, altså dagens Senterparti vart etablert. For meg er det viktig at vi har god kontakt med alle parti. Det politiske landskapet kjem til å endre seg og då er kontaktpunkta viktig. Akkurat nå har vi ei fleirtalsregjering der mykje skjer bak lukka dører, og mykje av politikken er alt vedtatt i Granvollerklæringa.  Om regjeringa klarer å holde samen til neste val, ja det skal ikkje eg meine noko om, men som bondelag gjer vi klokt i å ha ein dialog med alle parti til ein kvar tid. Det arbeidet som dykk gjer i lokallaga er viktig,  Fordi vi veit aldri kven som vert den neste nøkkelpersonen i det politiske landskapet. Det er ein stor fordel at også framtidas politikar har høyrt om bondelaget og veit kva vi står for. Det er lokalval til hausten, bruk tida godt, bygg nettverk slik at dykk har gode kontaktar når saker som skal opp i kommunestyret angår landbruket.  Ein ting eg har merka meg i kontakt med ulike parti er når vi nenner medlemstalet vårt. Då spoler dei kraftig i bakhovudet og ser imponert ut, det tyder på at vi har betydelege fleire medlemer enn enkelte politiske partia. På landsbasis såg eg tal for alle parti Pr 31.12 og Norges Bondelag har over 10000 medlemer meir enn AP som har størst medlemstal. Klarer vi å behalde medlemer og aller helst få fleir?  Det vert ein egen bolk på verving seinare,   men eg vil at dykk alt nå skal begynne å tenke på korleis få fleire medlemer?  kven skal eg ringe å verve i løpet av årsmøte. Verveutvalet har pønske ut fleire vervepremiar. Vi har ein jobb å gjere. Det dreie seg enkelt om å tørre å spørje. Så lett og så vanskeleg Alle som heier på norsk matproduksjon kan bli med.

Vi kommer ikkje utanom ein årsmøte tale i 2019 utan å nemne klima. Til glede og besvær. Frustrasjonen over stempelet drøvtyggaren har fått som klimaversting er ikkje kjekt. Samtidig skjer der utroleg mykje spennande innan forsking og om kort tid tas eit nytt forsøksfjøs plassert sentralt på Jæren i bruk. Kan vi ved hjelp av fòring redusere dyra sine metanutslepp? Geno ser på om det kan avles på kyr som fiser mindre. Og sjølvsagt jobbens det vidare med biogass, nytte energien i gjødsla.

Regjeringa har satt seg nokon ambisiøse mål for å få ned det totale klimagassutsleppet. Bondelaget har i lag med Bonde og Småbrukarlaget gått i forhandlingar med staten om korleis jordbruket skal bidra med sin andel. Vi er tydlege på at det må være forskjell på utslepp frå biologiske produksjonar og fossile utslepp. Vi minner og om at  I stortingsmelding nr 11 er det understreka at: arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå norsk matproduksjon må prioriterast samtidig som målet om økt matproduksjon med intensjon om økt sjølvforsyning ivaretakast.  Det er eit viktig moment for oss, verdens klimagassutslepp går ikkje ned om vi berre spis importert mat, men det vil sjå veldig fint ut i det norske klimaregnskapet.  Vi er og tydlege på at verkemiddelapparatet må styrkes og på fleire punkt treng vi meir kunnskap. Eg er glad vi har både dyktige tilsette og tillitsvalte i Norges Bondelag som tar den jobben. Ved å gå i forhandlingar har vi moglegheita till å påverke og få fram nokon gulrøter. Eg liker det så mykje betre enn pisk.  Så forstår eg  godt at mange vert frustrer og synast at det er tøft nok å være bonde om vi ikkje skal redde heile klimaet og. Men tenk deg om. Dette som alt anna handlar om omdømme bygging. Les gjerne rapporten som landbruket overleverte til staten. Mange av tiltaka er vi godt i gang med. Vi kan være stolte av den gode dyrehelsa vi har. Mindre sjukdom og dødelegheit gir mindre svinn og  god økonomi. Tidleg hausting av enga, ja det prøver vi jo på kvart år så sant været tilliter det. God bruk av beite, samlar co2 og gir også mindre oppvarming pga. albedo effekten. Så igjen framsnakk dei moglegheita vi har og at vi og bidrar der vi kan og får lønnsomhet i det. For til syvande og sist er vi 40000 sjølvstendig næringsdrivande bønder i Norge som skal motiverast til gode tiltak. Det gjerast lettast der vi kan regne oss fram til lønnsomhet, når vi i tillegg kan bidra til lågare klimagassutslepp ja da bør god følelsen komme fram.  

God følelsen bør også komme fram når det til hausten nok ein gang arrangere agrovisjon her i Stavanger. Kvifor nemne det i dag. jo eg merka meg at der kom spørsmål om bondelaget stilt seg bak ladys Club som skal være ein del av årets arrangement. Da passer det jo bra og ta opp det temaet på kvinnedagen med ein kvinneleg leder tenkte eg. Så først og fremst gratulere med dagen alle damer, eller jenter eg liker best den beteknelsen då føler eg meg fort 10 år yngre.

Så kom spørsmålet korleis ordlegge meg utan at dette kjem skeivt ut. Pr nå har Bondelaget sekretariatet til Agrovisjon, men det er organisert som eiget selskap og vi har sånn sett ingen grunnlag til å overprøve eller detaljstyre. Men eg er blitt spurt om å være med i ein av underkomiteane og var derfor klar over både arrangementet og har deltatt i diskusjonen om utforming av dette, men vi har ingen vetorett og eg ser ingen grunn til å lage noko stort nr av dette. I det første referatet kalla vi arrangementet for Farmers Club, så heilt når namneskifte kom er eg litt usikker på. Men i tillegg til moglegheita for ein matbit vil der være små stander med ysting, fermentering, spekemat og kjøtpålegg, brødbakst og kjøkkenhage. Rett og slett moglegheit til å hente inspirasjon i ein roleg atmosfære. Og heilt ærleg det har vel hent at nokon har blitt med på handletur mot sin vilje og prist seg lykkeleg over å kunne sige ned i ein sofa innerst i klesbutikken eller ta seg ein timeout på nærmaste pub. Tanken bak er at endå fleire velger å reise begge på messa, kjenne på samhaldet og få ei gild og minnerik helg ilag.

Så skal dykk vite at eg i utgangspunktet ikkje er glad i reine damesamlinger. Det burde absolutt ikkje vore nødvendig. Eg meiner damene burde stilt opp på lokal møter på lik linje som menn. Men eg må sei at jamnt over kunne der godt våre ei betre kjønnsfordeling på dei lokale årsmøtene. Det er ei utfordring og ei oppfordring. Kan vegen være å gå via damegrupper og oppfordre til å gå ilag på ulike møte. Damer er jo kjent for å måte gå to på do. Korleis klare å engasjere? Korleis tar vi i mot nye som kjem på møter for første gang uansett kjønn.

Bondelaget lokalt er mange plasser ein viktig møteplass og treffpunkt sosialt. Er vi beviste på inkludering?  At treffpunkta gir meirsmak og vi har nye som vil stå klare til overta stafettpinne?

Vi trenger at folk engasjere seg. Tar ein for laget. Så til alle dykk som er her i dag med ulike hattar og ulike inngangar. tusen takk for at nettopp du er med å bygge laget. Saman kan vi gjer ein forskjell for bonden i Rogaland og Norge. Saman skal vi kjempe for gode inntektsmoglegheiter og rammevilkår og vi skal legge til rette for eit godt produksjonsmiljø der vi lærer av kvarandre og heier kvarandre fram.

Eg ønsker velkomme til debatt og konstruktive innspel slik at vi saman kan gjere kvarandre gode. Det tener vi på det tener bonden i Rogaland på.

 

Takk for oppmerksamheita.