Landbruksdirektoratet kjem ikkje til Rogaland

Publisert 
Av Jorunn Erga Steinsland,
Landbruksdirektoratet flyttar 30 årsverk til Steinkjer.
Både politikarar, Rogaland bondelag og næringslivet arbeidde med å få Landbruksdirektoratet til Rogaland. Slik vart det ikkje.

30 årsverk i Landbruksdirektoratet blir flytta til Steinkjer i Nord-Trøndelag.

Regjeringa har bestemt at 30 årsverk skal flyttast frå Landbruksdirektoratet i Oslo til Steinkjer innan oktober 2020.

– Regjeringa ynskjer å skape ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar og å vera med på å byggje opp gode kompetansemiljø også utanfor dei største byane. Dette er distriktspolitiske omsyn som regjeringa har valt å leggje stor vekt på når vi no har bestemt at 30 årsverk i Landbruksdirektoratet skal flyttast frå Oslo til Steinkjer. Saman med styrkinga av Steinkjer som administrasjonssentrum i Trøndelag meiner eg dette vil bidra til å utvikle Steinkjer som by og arbeidsmarknad, seier statsråd Jon Georg Dale i ei pressemelding på direktoratet sine eigne nettsider.

På grunnlag av vedtaket frå regjeringa har Landbruks- og matdepartementet bestemt at dei 30 årsverka som skal flyttast skal hentast frå fagområda administrasjon, skogbruk, erstatning og arealbruk.

Det har vore eit stort engasjement for å få Landbruksdirektoratet til Rogaland. Slik blir det altså ikkje.

 

Nye retningslinjer for livdyromsetning i Rogaland ifm bekjempelse og kontroll av Ringorm

Ringormsituasjonen i Rogaland er langt bedre nå enn på samme tid i fjor, men sykdommen blusser ofte opp om høsten og utover vinteren, og dermed må vi på denne tiden være ekstra varsomme og årvåkne for tegn på ringorm.

Våre samarbeidspartnere