Landbruksdag i Vindafjord
Fredag 14. februar hadde me besøk av stortingsrepresentantane Helge Thorheim (frp) og Arve Kambe (H). Dagen starta med frokostmøte på fjosloftet hjå Kari og Jan Idar Haugen i Skjold. Rogaland bondelag og Vindafjord høgre var arrangør saman med Tveit rekneskap, Vindafjordbonden og samstyret for bondelaga i Vindafjord. Landbruk i heile landet og lønnsomhet i produksjonen var sentrale tema.
På progammet stod og gardsbesøk hjå Severing Fatland i Vats som driv med melkekyr, sau og gris og hjå Johannes og Marianne Vestbø i Sandeid som driv med melk, sau, gris og verpehøns. Det vart og ein prat med ein av eigarane i transportbedrifta Hustveit og Skeie. Bedrifta har 30 vogntog og 40 tilsette, som kun transporterer landbruksprodukt. Dagen vart avslutta hjå Fatland Ølen. Konsernsjef i Fatland og styreleiar i KLF, Leiv Malvin Knutsen sa at eit aktivt importvern, ei velfungerande markedsordning og gode rammebetingelsar i primærleddet vil vera heilt avgjerande for framtida til foredlingsindustrien.
Både bønder og stortingspolitikerar var nøgd med dagen:)