Ved vurdering av kven som bør få Landbruket i Rogaland sin heiderspris skal det leggjast vekt på at vedkomande utan personleg vinning har gjort ein ekstra innsats innanfor eit eller fleire av kriteria nedanfor.

 

  • Har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet.
  • Har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland.
  • Har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag.
  • Er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet.
  • Har profilert og i praksis gjennomført si jordbruksdrift med høg miljøstandard og fokus på etikk i fjøs og/eller gris-/fjørfehus.
  • Har hjelpt ein yrkesbror eller –søster gjennom ein vanskeleg periode.
  • Utviklar nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust.

 

Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sin diplom og eit spesielt kunstverk.

Frist for å senda inn forslag med ei kort grunngjeving er: 12.desember 2022. Desse skal sendast Rogaland landbruksselskap, postboks 59, 4001 Stavanger eller til Geir Skadberg på e-post: fmrogsk@statsforvalteren.no .