Fredag 10 november var Birkevold invitert til å prøva å spå kva regjeringa vil gjera med landbruket i neste periode.

- Høgre og Frp opplever at dei har fått eit mandat til å vidareføra det dei har begynt på.Høgre er eit radikalt parti. Dei vil gjennomføra djuptgåande og omfattande reformar, sa Birkevold og viste til strukturreformen i kommune og fylke, men også til at det er ønske om strukturreformar i landbruket.

- Eg trur nok også at det vil bli eit kontinuerleg press på blant anna importvernet, spår Birkevold.

 

- Bonden må vera meir synleg i den offentlege samtalen

BIrkevold brukte også taletida si på å koma med ei oppfordring til både bønder og landbruksorganisasjonane.

- Bøndene har ein del å gå på når det gjeld å delta i den daglege samtalen i Norge, meinte Birkevold og sette det på spissen med å hevda at landbruket er på agendaen tre gonger i året.

- Det er landbruksoppgjeret, når det er for mykje eller for lite pinnekjøtt til jul og viss det kjem ein ulv springande. Elles er det nokså stilt, meinte Birkevold og fekk folk i salen til å trekkja på smilebandet.

- Ein kan undrast over at ikkje landbruket får meir merksemd i media med så mange sysselsette i næringa, den verdiskapinga næringa står for og at det faktisk er maten vår som blir produsert, heldt Birkevold fram.

 

Den gode historien

Han meiner det er avgjerande at bonden blir meir synleg.

- Folk kan fort få inntrykket av at bonden bare er misnøgd, og det er ikkje sant, seier Birkevold og oppfordrar bonden til å få fram dei gode historiene frå landbruket og ta ein større del i samfunnsdebatten.