Regjeringsplattforma byr på mange omkampar på saker som vart behandla i Stortinget førre periode, som konsesjonslov, pelsdyr og opplysningskontor.

Leiar i Rogaland bondelag er skuffa og meiner landbruket går krevjande tider i møte.

- Eg er svært skuffa over at regjeringa vil gå for ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa, bare eitt år etter at Stortinget vedtok ei berekraftig utvikling av næringa, seier Epletveit.

Ho tykkjer dette er tragisk for dei mange pelsdyroppdrettarane som nå vil få fjerna heile næringsgrunnlaget sitt.

- Det er ikkje den langsiktigheita me forventar, seier ho.

Rogaland har rundt 80 pelsdyroppdrettarar og er det fylket i landet som har størst oppdrett av mink.

I regjeringsplattformen blir det også varsla ei liberalisering av konsesjonslova.

- I tillegg til denne liberaliseringa, vil regjeringa utreda konsekvensen av å avvikla Odelslova og grunnlovsvernet av odelsretten. Det er grunn til å tru at det vil bli fleire kampar framover for å oppretthalda eit landbruk i heile landet, seier Epletveit.