Oppdatert 09:31. Tala for grisefjos og sauefjos er no oppdatert. Rett tal skulle vere nedgong på 180 grisefjos, ikkje at antallet vart 100. Me har og presisert at nedgongen ikkje utelukkande skuldast Klimakur.  -Kontoret

Corona-krisa har endra Noreg. 450 000 er permitterte eller utan arbeid. Politikarane står opp for å sikre arbeidsplassane i mange sektorar. For oss bønder har krisa synleggjort kor viktige me er for landet. Men med ein Klimakur-rapport som kan rasere landbruket i Rogaland, saknar me at Rogalands-representantane til Høgre kjem på bana. Eller er ikkje alle arbeidsplassane i landbruket noko å verne om?

Noreg er i ferd med å vakne til etter å ha vore delvis stengt grunna Corona-viruset. Regjering og storting har samarbeida godt og førebels losa oss trygt gjennom krisa. Tiltaka har vore dyre, men nødvendige. Politikarane har gått høgt ut og snakka om viktigheita av å trygge arbeidsplassane i Rogaland, som i oljeindustrien og utelivsbransjen. På Stortinget har særleg Høgre-representantar frå Rogaland markert seg som ein forsvarar for olje-arbeidsplassane i Rogaland. Men kor er dei når landbruket i Rogaland vert foreslått rasert av Klimakur-rapporten?

Dei fleste bønder har eit formål med gardsdrifta: Me vil etterlata jorda me forvaltar i betre stand enn når me overtok. Fokuset ligg på framtida, på dei som skal komme etter oss. Det me plantar no, er det borna våre som skal hauste. Det er knapt ei næring som er meir opptekne og avhengige av miljøendringar. Me lev av og i skriftande sesongar. Me snakkar om været, tenkjer og planlegg drifta etter vêrmeldingane. Me tenkjar og forvaltar kvar einaste dag.

AgriAnalyse har gjort berekningar for kva Klimakur sine forslag om redusert kjøtforbruk vil betyr for ulike fylker. I Rogaland vil eit slikt slikt kjøttkutt betyr 600 færre sauefjos i 2030. Dette kjem i tillegg til allereie forventa nedgong i fylket. Samla set vil det vera omlag 950 færre sauefjos i 2030 enn kva det er i dag. Ein forventa vekst i antal grisefjos i Rogaland frå om lag 600 til 640 mot 2030, vert snudd til nedgong på 180 grisefjos, samanlikna med forventa utvkling mot 2030. Dette der utviklinga me møter dersom Klimakur sine kjøtkutt vert gjennomførte.

Norges Bondelag inngjekk i 2019 ein klimaavtale med staten, der me legg opp til kutt i klimautslepp  frå landbruket. Med utgangspunkt i klimaavtala har landbruket vedteke ein klimaplan der me skal kutte 5 millionar tonn co2 over dei neste 10 åra, utan å kutte i matproduksjonen. Me er bestemte på at me skal oppfylle vår del. Men statens Klimakur 2030 tek ikkje omsyn til statens eigen klima-avtale med jordbruket.

Det er ei massiv motstand mot deler av premissa som vert lagt i Klimakur, både frå fagorganisasjonar og forskjellige forskingsmiljø. Me hadde me forventa ein større respons. Ja, det er ei høyring, men det plar ikkje hindre politikarar å uttale dersom dei syns det er viktig nok.

Noko av det me har lært av krisa er at me må auka sjølvforsyninga av mat. Rogalandsbonden er ikkje berre på jobb for sitt lokalmiljø, men er ein del av tryggleiken til nasjonen. Korleis skal me produsere maten om det ikkje er levande lokalsamfunn og menneske til å drive gardane videre?

Me saknar eit Høgre som tek eit tydeleg standpunkt saman med oss som jobbar i landbruket. At dei vert med og sikrar matproduksjon og arbeidsplassar og at me saman kan utforme ein strategi som gjer at landbruket i Rogaland er levedyktig etter 2030. Men ikkje minst, me treng ein strategi som møter dei store klimautfordringane som verda står ovanfor. Der kjem bøndene i Rogaland til å spele ein liten, men viktig rolle. Det vil seie, dersom Stortinget framleis vil at det skal vere eit levande landbruk i Rogaland.

Ole Martin Eikeland

Nestleiar i styret, Rogaland Bondelag