Kvifor skal me gi vekk skiten gratis?
Friarane er mange, men korleis skal bøndene i Rogaland forhalda seg til alle biogassprosjekta? Jon Helgeland Quale er ein av fleire som har klare tankar om biogass.
"Dei siste vekene har interessen for biogass eksplodert i heile fylket. Det er stor aktivitet i dei ulike aktørane som vil kartlegga tilgjengeleg gjødselmengde og lagervolum. Fleire blir tilbudd intensjonsavtalar og kontraktar. Vårt klare råd er: Ha is i magen!" Dette seier styreleiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft. Biogass har ein sentral plass i landbruket sin klimaplan. Landbruket er avhengig av å få realisert fleire anlegg i Rogaland for å få redusert klimagassutsleppa og oppfylla forpliktelsane i klimaavtalen med staten. «Sjølv om biogass er viktig, og me er opptatt av eit godt samspel mellom bønder og biogassanlegget, har me i Rogaland Bondelag nokre klåre råd:
- Ha is i magen. Akkurat nå er det planlagt anlegg med samla kapasitet større enn samla gjødselvolum, så konkurransen om råstoffet er stor.
- Ver forsiktig med å skriva under intensjonsavtalar og kontraktar før ein del viktige problemstillingar er avklart. Ta utgangspunkt i standardavtalane som er utforma av juridisk avdeling i Noregs Bondelag.
- Bønder, organiser dykk! Råvareleverandørane til dei ulike biogassanlegga bør organisera seg. Då sikrar ein at alle får same vilkår og det er lettare å ha ein god prosess rundt forhandlingar og kontrakt.
På Karmøy er dei klare på kva bøndene bør tenkja på før dei inngår kontraktar.
«Me må ikkje gi vekk skiten gratis, kvifor i all verda skal me gjere det?». Leiar i Karmøy Bondelag, Jon Helgeland Quale, er tydeleg på at det er ikkje bøndene som treng å vere på tilbodssida. «Det er viktig å sikra at bonden får betalt. Me har gått nok dugnad». Han er eining i punkta frå Rogaland Bondelag og er spesielt oppteken av fordelinga på klimagevinsten. «Korleis den skal fordelast vert viktig. Kva vil hende om ei ny regjering innfører avgift på CO2? Skal bonden gjere grunnarbeidet og plutseleg stå att utan nokon klimagevinst? Me må stå saman som bønder og vere nøye med kva me underteiknar på. Noregs Bondelag har utvikla nokre standardavtalar for biogass, dei tek opp mange moment som ein bør passa på».
Bøndene på Jæren har høyrt om biogass i lange tider. «Det har snakk om ulike prisar til bonden så lenge eg kan hugse. Men no har ein kanskje byrja å nærma seg eit nivå der det kan verte aktuelt å verte med» seier Paul Aniksdal, leiar i Søre Hå Bondelag. Fyrstkommande måndag arrangerer dei medlemsmøte om biogass i lag med Varhaug bondelag. Kva eigenskapar skiten som kjem i retur, kva avtaler ein bør inngå og kva dei forskjellige selskapa tilbyr er noko av det dei håper å få svar på. «Det er mange moment som må tas med i reknestykket. Du skal til dømes levere ein god del lort for å kunne forsvare ein dyr komme til lagring, kanskje gjer dette at det vert mest aktuelt for dei store bruka? Eg forstår heller ikkje heilt korleis investeringskostnaden på nokon anlegg er 2 kr. pr. m3 mens andre skal klare det for 1 kr.pr m3.». Med så mange tal og tilbydarar kan det vere vanskeleg å få ein oversikt og eit godt besluttningsgrunnlag. «Men om ingen signerer noko vert ingenting bygd, heller ikkje om kvar aktør får nokon underskrifter kvar. Uansett kva ein vel meiner eg i alle fall at for oss på Jæren er det viktig at ein tek inn lort frå fjørfe og storfe. Me treng ikkje å få tilført meir fosfor her ute».
Styremedlem i Rogaland Bondelag, Jakob Eskeland, har vore med å starta eit selskap av bønder som er gått inn som eigarar i ei eit biogass-selskap. «Gjennom eit aktivt eigarskap meiner me at me kan ha stor påverknad på organisering og drifting av fabrikk, og at potensielle konfliktar vert unngått då me kan fange dei opp på eit mykje tidlegare stadium. Ein annan motivasjon for å vera medeigar er at bonden kan vera med på å hente ein gevinst ved eit eventuelt sal av bedrifta. Me har klare krav til aksjonærane og ser på dette som ein god løysning for dei som har vorte med.
Sjølv om det er mange selskap på bana, påpeikar Ståle Hustoft at det framleis er mange spørsmål som heng i lufta.
- Det er fleire viktige faktorar som må avklarast i forhandlingar med biogassaktøren.
Økonomi - korleis skal gjødsla verdsetjast, tilskot fordelast og når skal avtalen reforhandlast?
Klimarekneskap - korleis skal klimagevinsten fordelast?
Biorest - kva krav stiller du til næringsinnhold i bioresten?
Smittevern/hygiene - Kven ber ansvaret og kostnaden, og korleis skal bioresten handterast, dersom det kjem husdyrgjødsel frå besetning med smittsam sjukdom inn i anlegget?
Standardavtalene til Noregs Bondelag får du ved å kontakte juridisk avdeling. Hugs at du som medlem alltid kan kontakte juridisk avdeling for å få hjelp. Fyrste time er gratis, treng du meir hjelp avtalar du vidare med avdelinga.