Det var stort oppmøte av svinebønder og svinenæringsentusiastar frå alle fylkets regionar for å høyre kva Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag og Geir Heggheim, leiar i Norsvin hadde å seie om emnet. Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag var møteleiar og Per Inge Egeland, leiar i Norsvin Rogaland opna møtet.

Alle i forsamlinga vart einige i ein ting – situasjonen slik den er i dag slit på svinebøndene, og balanse i marknaden kan ikkje komme fort nok. Svinenæringa har opplevd overproduksjon tidlegare, men i dag er situasjonen annleis enn i dei siste åra- auken i forbruket av svinekjøt er i ferd med å flate ut, og viktige verkemidlar er i ferd med å forsvinne. Det vart ein god og engasjert debatt om korleis ein kan løyse utfordringane med overproduksjon, og fleire av tiltaka frå salen kan gje eit bidrag til å rette opp i situasjonen.

Takk til Øksnevad vidaregåande skule for lån av lokale!

NB: Plansjane legges ut her når dei er klare.