Kva må til for å få marknaden i balanse i svinenæringa?

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Innleiarane - frå venstre: Geir Heggheim, Norsvin, Per Inge Egeland, Norsvin Rogaland, Marit Epletveit, Rogaland Bondelag, Lars Petter Bartnes, Noregs Bondelag.
Innleiarane - frå venstre: Geir Heggheim, Norsvin, Per Inge Egeland, Norsvin Rogaland, Marit Epletveit, Rogaland Bondelag, Lars Petter Bartnes, Noregs Bondelag.

Det var tema på debattmøtet Rogaland Bondelag og Norsvin Rogaland arrangerte på Øksnevad vidaregåande skule 13. august.

Det var stort oppmøte av svinebønder og svinenæringsentusiastar frå alle fylkets regionar for å høyre kva Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag og Geir Heggheim, leiar i Norsvin hadde å seie om emnet. Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag var møteleiar og Per Inge Egeland, leiar i Norsvin Rogaland opna møtet.

Alle i forsamlinga vart einige i ein ting – situasjonen slik den er i dag slit på svinebøndene, og balanse i marknaden kan ikkje komme fort nok. Svinenæringa har opplevd overproduksjon tidlegare, men i dag er situasjonen annleis enn i dei siste åra- auken i forbruket av svinekjøt er i ferd med å flate ut, og viktige verkemidlar er i ferd med å forsvinne. Det vart ein god og engasjert debatt om korleis ein kan løyse utfordringane med overproduksjon, og fleire av tiltaka frå salen kan gje eit bidrag til å rette opp i situasjonen.

Takk til Øksnevad vidaregåande skule for lån av lokale!

NB: Plansjane legges ut her når dei er klare.

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere