Skule- og landbrukutvalet er samansatt av 5 representantar, der 2 er frå Bygdekvinnelaget, 2 er frå Bondelaget og 1 er lærar frå skule. Utvalet har ansvar for opplegget, og har kontakt med alle skulane i Gjesdal. Det er ulike  tilbod til 7 av 10 klassetrinn. All aktiviteten er  i skuletida. Dette krev mykje dugnad, og ein reknar med ca 80 dagsverk i året. Mange av dugnadsfolka er gjengangar og stillar ofte opp på fleire av arrangementa. Tilbakemeldingane frå skulen er svært  positive.

2. klasse får låne rugekasse og 12 befrukta egg, som klekkes ut i klasserommet.

3. klasse får reise på gardsbesøk om våren, med lemming eller andre aktivitetar.

4. klasse får oppleve ”Jul i gamle dagar”, på Limagarden der dei får lage bla. sopelime og lys.

5. klasse får ”Frå Ull til Tråd”. Dei følgjar ulla frå sauen er på fjellbeite, til ferdige produkta.

7. klasse får sykle ”Limavatnet rundt”, med fleire stopp der dei lærar om gamle tradisjonar.

9. klasse får være med til Sirdal på ”saueskiljing” .

10. klasse spelar Landbruksspelet i klassen, der dei driftar ein gard på papiret eit år.