Allereie før møtet vart landbruksminister Jon Georg Dale møtt av frustrerte pelsdyrbønder. Pelsdyrprodusentane var kampklare og forlanga svar. Det kunne ikkje ministeren gi, men lova å arbeida for å kunna koma med svar på spørsmål om kompensasjon ved utgangen av 2018.

Dale meiner slaget om norsk pelsdyrnæring er tapt. Noko han var klar på både før og under møtet.

Møtet vart opna av Jonas Skrettingland, ordførar i Hå, før Knut Henrik Dagestad i Statens naturoppsyn tok over talarstolen. Han snakka blant anna om artsmangfald og truga artar.

Stafettpinnen gjekk vidare til Kate Jellestad Syvertsen i Rogaland fylkeskommune, der temaet var kulturarv og kulturminne.

Så kom mannen mange hadde kome for å høyra, landbruksminister Jon Georg Dale, før leiar i Norges bondelag, Lars Petter Bartnes fekk avslutta den fyrste delen av møtet.

Etter dette var det stort sett eitt tema: Pelsdyr og regjeringa sitt ønske om å avvikla denne.

Sjå innslag frå NRK Rogaland her.  

Les meir i Stavanger Aftenblad her og her.