På programmet denne augustmorgonen stod både vanløeg morgonstell, handmjølking og informasjon om drifta på Gjesdal gard.

Olaug er ikkje oppvaksen på gard, men har besteforeldre på begge sider som dreiv gard.

 

Politikk og frokost

Etter eit fjosbesøk var det tid for frokost rundt kjøkkenbordet. Her gjekk drøsen lett om inportvern, lov om god handelskikk, utfordringar med opsjonsavtalar og ikkje minst det temaet som har oppteke bønder i Rogaland mest dei siste månadane: regnveret.

Ein tur ut på beitet vart det også tid til i løpet av besøket.

 

Inviterer alle til gards

I desse valtider har alle partia blitt inviterte til å ta turen innom leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit og hennar gard i Gjesdal. Mange har takka ja til invitasjonen.

Rogaland bondelag er opptekne av å byggja politiske nettverk og desse besøka er eit ledd i denne strategien.

Olaug Bollestad er fyrste nestleiar i Kristeleg folkeparti og fyrstekandidat på partiet si liste i Rogaland.

Bollestad er i dag stortingsrepresentant og sit fast i helsekomiteen.